Statoil vurderer å flytte frå Florø

Statoil sitt effektiviseringsarbeid kan få store følgjer for Saga Fjordbase i Florø. I verste fall kan halve basen ryke.

Fjord Base - Statoil

RASJONALISERER: Statoil vurderer å endre seglingsmønster og vil rasjonalisere drifta på basane. Det kan få store følgjer for oljebasen i Florø.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Agnar Strømsnes

DIREKTØR: Agnar Strømsnes.

Foto: NRK

Statoil har siste året arbeidd med å effektivisere seglingsmønsteret mellom installasjonane på sokkelen og statoilbasane på Ågotnes, Mongstad, Dusavik og Florø.

Intensjonen er at Florø skal drive med rør, Mongstad skal ha driftsforsyning og Ågotnes subseaaktiviteten, skriv Firdaposten .

– Statoil har vore opne og er interessert i dialog, og det er den jobben vi no skal gå inn i. Vi har til intensjon å jobbe saman med Statoil i dette arbeidet, og den prosessen er vi nettopp starta med, seier administrerande direktør i Saga Fjordbase, Agnar Strømsnes, til avisa.

250 arbeidsplassar

Kontrakten mellom oljebasen og Statoil går ut i 2015. Statoil opna i 2010 eitt av dei største logistikksentra for røyr i Europa. Til saman 900.000 tonn utstyr går årleg inn og ut av basen. Aktiviteten til Statoil genererte i 2010 kring 400 arbeidsplassar.

Tysdag fekk Strømsnes presentert planane Statoil har for framtida. Onsdag vart tilsette ved CCB-basen i Ågotnes orientert om at selskapet vurderer å flytte forsyningsaktiviteten sin til Mongstad.

Blir intensjonane gjennomførde i Florø, betyr det at halvparten av dei 500 arbeidsplassane vil forsvinne.

Ola Anders Skauby, Statoil

INFOSJEF: Ola Anders Skauby.

Foto: Ivar Langvik / Statoil

– Vi skal ikkje gå i skyttargrava. Vi skal jobbe saman med Statoil for å kunne finne løysingar, seier Strømsnes til Firdaposten.

Ser på alternativ

Strømsnes legg likevel ikkje skjul på at «worst case» vil vere dramatisk for Fjord Base. Han er klar på at tida endrar seg også innan petroleumsbransjen, og at ei spesialisering vil presse seg fram for å kunne ha berekraftige forsyningsbasar over tid.

Informasjonssjef Ola Anders Skauby i Statoil seier til avisa at han ikkje vil forskottere noko som helst.

– Men i den grad konklusjonen gjev endring for basane, vil vi samstundes jobbe for å sjå på alternativ aktivitet som held sysselsetjinga oppe, seier han til avisa.