Hopp til innhold

– Smertefull omstilling i vente for oljenæringa

Mange av dei oljerelaterte verksemdene i fylket jobbar no for fullt med å omstille seg.

Saga Fjordbase i Florø

FÆRRE ARBEIDSPLASSAR? På Saga Fjordbase i Florø finn vi storparten av dei oljerelaterte arbeidsplassane i Sogn og Fjordane.

Rett før jul gjekk Florø Mekaniske Verksted med 120 tilsette konkurs.

Styreleiar Gustav Johan Nydal i Fram Flora seier det er grunn til å frykte at det vil kome fleire konkursar i 2016.

– Omstilling er smertefullt, nokon bedrifter kan kome til å gå overende. Men eg trur dei flinkaste kjem til å klare å kome seg gjennom det og finne nye område. Eg trur og at dei som står bak dei bedriftene som går overende finn nye måtar å kome i gang att på.

I 2013 var det 161 verksemder i Sogn og Fjordane som leverte tenester eller produkt til oljeindustrien. Til saman hadde desse verksemdene 1740 årsverk (tal frå Maritim Forening i Sogn og Fjordane). Hovudtyngda er konsentrert i Flora kommune. Når 2016 er over er det fare for at dette talet er sterkt redusert.

Sjølv om nedturen i oljenæringa ikkje har vore på langt nær så tøff her som i Rogaland og Hordaland er teikna tydelege nok. To dagar før jul gjekk Florø mekaniske verksted konkurs. 120 tilsette, dei fleste frå Polen, miste arbeidet. Også Industriforsyning i Florø med sju tilsette gjekk til skifteretten med oppbod tre dagar før jul.

Gustav Johan Nydal

– SPENNANDE ÅR: Gustav Johan Nydal er styreleiar for Fram Flora.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Betre stilt enn bedrifter i nabofylka

Fram Flora skal hjelpe dei som har idear - både med etablering og med omstilling, og styreleiar Nydal er spent på det året som no ligg framfor oss.

– 2016 kjem til å bli eit spennande år fordi så mange bedrifter må sjå seg om etter andre marknader og andre måtar å jobbe på når det er laber aktivitet innan oljeindustrien.


Også i Maritim Forening Sogn og Fjordane er omstilling eitt av dei mest brukte ordet for tida. Men leverandørutviklar Beate Solheim Grønnevik seier at dei oljerelaterte verksemdene i vårt fylke er betre stilt i oljenedgangen enn verksemdene i til dømes Rogaland og Hordaland.

– Bedriftene i Sogn og Fjordane har den fordelen at dei er veldig kostnadseffektive. Ei av utfordringane for fleire bedrifter i andre fylke er at dei har auka kostnadene til eit unormalt høgt nivå fordi oljeprisen har vore så god. Våre bedrifter har aldri hatt sjansen til å skru opp prisane på den måten.

Maritim Forening i Sogn og Fjordane

BETRE STILT: Maritim Forening i Sogn og Fjordane meiner verksemdene i vårt fylke er betre rusta til å ta nedgangstidene enn konkurrentar i nabofylka. Frå v. Trond Strømgren, Beate Solheim Grønnevik og Stein Kvalsund.

Foto: pressefoto

Satsar på ny bedrift

Gustav Johan Nydal er sjølv eit godt døme på omstillingsviljen i Flora.
Den tidlegare direktøren på skipsverftet Westcon Yards i Florø har kjøpt skipsdesigndelen til Westcon og starta ei ny bedrift - Polarny Maritime. Dei satsar berre utanfor Norge, seier han.

– Vi jobbar med fleire spennande prosjekt. Vi er 12 som jobbar i bedrifta. Vi får sjå kor mykje vi greier å lande og kor mykje vi får det til å vekse. Det blir spennande i 2016.

– Vil kome styrka gjennom

Og i Martim Forening Sogn og Fjordane trur Beate Solheim Grønnevik at det komande året blir vanskeleg, men slett ikkje håplaust.

– Eg trur at 2016 blir eit utfordrande år der verksemdene må stå på. Men eg er overtydd om at dersom bedriftene i Sogn og Fjordane held fram med å stå saman og ha den gode dialogen som vi har fått i gang, så vil vi kome styrka gjennom dette.