Hopp til innhold

Trur på stor basevekst i Florø

Saga Fjordbase i Florø trur på stor vekst dei komande åra. Dei neste åra skal oljeselskapa investere kring 350 milliardar kroner i utbyggingar på oljefelta utanfor fylket.

Agnar Strømsnes

- OPTIMIST SOM ALDRI FØR: Agnar Strømsnes.

Foto: NRK

Ved Saga Fjordbase ser dei for seg ein monaleg vekst alt i år, og administrerande direktør Agnar Strømsnes seier dei skal tilsette 25 nye medarbeidarar.

– Eg har aldri vore så optimistisk som eg er no.

Han kan saktens ha grunn til å vere optimist. Dei komande åra kjem oljeselskapa til å investere svimlande 350 milliardar kroner i utbyggingar og ombyggingar på oljefelta utanfor fylket.

Røyrlager på fjordbase i Florø

STADIGE UTVIDINGAR: Saga Fjordbase treng meir plass.

Foto: Ottar Starheim / NRK

1000 nye brønnar

Fram mot 2018 er det planlagt elleve nye botnfaste plattformer i Nordsjøen. Det statlege selskapet Petoro, som styrer gass- og oljeverksemda på norsk sokkel, reknar med at det må borast 1000 nye produksjonsbrønnar dei komande åra, fortel Strømsnes.

– Dette bør vere ein gyllen muligheit til å få tak i iallfall noko av denne aktiviteten. Dette er forferdeleg store summar, og mykje av det er knytt opp til dyr infrastruktur offshore, men det gir industrien i Sogn og Fjordane godt høve til å vere med på dei toga som går.

– Kva ser du for deg at fylket vårt no kan få?

– Det første toget som går er BG Norge, som skal sette i produksjon Knarrfeltet. Dei skal til å bore i juli i år. Då er det løpet i gang. Så er Statoil ein kjempestor aktør med mykje aktivitet på dei eksisterande felta.

Ola Borten Moe la ned grunnsteinen på BG Norge sin driftsbygning i Florø

NY AKTIVITET: Statsråd Ola Borten Moe la ned grunnsteinen på bygningen til BG Norge på Fjordbase i haust.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I tillegg er det stor leiteaktivitet utanfor kysten av Sogn og Fjordane.

– Dette fører og til aktivitet. Og skal vi vere med på dette må vi ta sjansen og auke bemanninga. Vi treng 25 fleire tilsette i løpet av dette året. Det tek tid å lære opp folk, og difor må vi vere litt i forkant.