Hopp til innhold

– Ein tung beskjed å få rett inn i jula

Florø mekaniske verksted AS er slått konkurs, og dei 120 tilsette står no utan jobb.

Florø mekaniske verksted AS

KONKURS: Florø mekaniske som ligg på Fjordbase sitt område på Botnaneset i Florø, vart tysdag slått konkurs.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Det er dei generelle nedgangstidene, med låg aktivitet og lite oppdrag som no har treft Florø mekaniske. Det er ei trasig nyheit å få no rett før jul, seier bustyrar Andreas Rønnekleiv til Firdaposten, som først omtalte saka.

Dei 120 tilsette som no ikkje har jobb å gå til fekk den tunge beskjeden over e-post på veslejulaftan. Drifta er no innstilt, og alle dei tilsette har hatt sin siste arbeidsdag.

Dei fleste er frå Polen

Rønnekleiv seier dei fleste av dei tilsette var reist heim på juleferie for nokre dagar før beskjeden kom.

– Eg har ikkje vore i kontakt med dei direkte, men eg går ut frå at det er ein tung beskjed å få rett inn i jula, seier han til NRK.

Ifølgje advokaten er dei fleste av dei tilsette frå Polen, og mange av dei tilsette har vore utleigde til andre bedrifter.

– Det er berre nokre få lokale, og dei sit stort sett i administrasjonen, seier han.

Florø mekaniske har jobba med skipsindustri, landbasert industri, oppdrettsnæring og oljerelatert verksemd.

Garanterer full løn

Selskapet har ikkje lenger forpliktingar overfor dei tilsette, men Rønnekleiv seier dei vil få den løna og feriepengane dei har krav på.

– Dei tilsette får høve til å søke om å få dekka lønskrav og feriepengar gjennom staten si lønsgarantiordning. Vi har allereie sendt ut søknadskjema til dei og vil hjelpe til i søknadsprosessen med å blant anna oversetje. Når søknadane er komne inn sender vi dei vidare til NAV. Når dei har behandla det får vi pengane og betalar ut til den enkelte tilsette, seier bustyraren.

Dette arbeidet vil ifølgje han truleg ta minst ein månad, kanskje to. No blir også oppgåva for bustyret å kartlegge verdiane i selskapet og selje ut aktiva.

Ordførar: – Dramatisk

Ola Teigen

TRIST: Det seier ordførar Ola Teigen om konkursen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ordførar i Flora, Ola Teigen (Ap) seier dette er ei trist førjulsnyheit.

– Det er spesielt trist for alle dei tilsette som no rett før jul mister arbeidet sitt. For dei er dette ei dramatisk hending.

– Kva betyr det for kommunen?

– Det er dramatisk at nok ei verksemd på basen slit. For Florø betyr det mykje skatteinntekter når så mange mister jobben. Det er slik sett dramatisk på fleire måtar.

Teigen vedgår at dette ikkje er første bedrifta som har måtte dempe aktiviteten eller leggje ned verksemda dette året, men trur likevel ikkje at dette er ein trend som vil halde fram.

– Eg ser positivt på 2016 og trur vi kan få oppturar.