– Eg hadde håpa av vi skulle få brukt dette som ei brekkstong for å få framskunda Vikafjellstunnelen, seier fungerande ordførar i Vik, Roy Egil Stadheim (Ap).
Men då røystene var talde opp måndag kveld, måtte ordføraren innsjå at slik gjekk det ikkje.
Frir til fylket
– No blir det fylkesordføraren vi må sette vår lit til, for å få det til. Det forventar vi kjem på plass, seier Stadheim.
Stadheim forventar at fylkeskommunen held oppe vedtaket sitt frå førre gong.
– Så får vi jobbe inn mot fylkeskommunen i Hordaland for at også dei skal ha same tilråding. Det blir knallhard jobbing framover for å få tunnelen inn igjen i NTP, seier Stadheim.
Han er klar på at skulle det vere realistisk med ei samanslåing med Voss og Aurland, måtte ein føresetnad vere at Vikafjellstunnelen kom på plass.
– Eg har sagt fleire gonger at det som var tanken min, dersom vi hadde fått ei fleirtal mot Voss, var at det hadde vilkårsbunde at vegen låg inne i NTP i 2017 med klare føringar om når vi kunne forvente oppstart. Utan noko slikt kunne vi ikkje gå inn i eit samarbeid med Voss og Aurland, seier Stadheim.
Drahjelp
– Vi har jobba for at Vikafjellstunnelen skulle kome inn i Nasjonal Transportplan, og den var inne i den planen som ligg der no, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).
Vonbrotet var desto større då opprørte vikjer i februar i år oppdaga at vegen var ute av transportplanen igjen.
- Les også:
– Vårt klare signal til statsråden er at både Vikafjellet, Strynefjellet og fleire parsellar på E39 må inn i Nasjonal Transportplan. Det skal vi kjempe for, saman med Vik kommune, men vi er og nøydde til å ha med oss naboar som Hordaland for dette kravet. For det blir beinhard kamp om vegkronene i den nye transportplanen, seier Følling.
– Du har allereie starta nabopraten med Hordaland og Anne Gine Hestetun. Kva støtte forventar du derifrå?
– No får vi sjå korleis prioriteringane til Hordaland er. Dei var nok litt annleis på det som vart lagt fram på det siste møte.
– Det ser vel kanskje ikkje ut som vi får den store drahjelpa frå den kanten?
– Nei, det var nok prioritert andre store fjordkryssingsprosjekt i Hordaland, og så får vi sjå kva dei endeleg landar på, når dei kjem med sine innspel, seier Følling.