– Mellom 250 og 400 elevar i fylket vil miste stipendet sitt, seier Hanne Hjartholm.
Ho er leiar i Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane, og er sterkt i mot det nye forslaget frå regjeringa.
I statsbudsjettet for 2018 blir det føreslege å flytte grensa for å få bortebuarstipend. Tidlegare har elevar som bur over 40 kilometer frå skulen fått stipendet, no vil regjeringa flytte denne grensa til 60 kilometer.
– Vil drepe «heiltidseleven»
Hjartholm meiner at med geografien i Sogn og Fjordane og det eksisterande kollektivtilbodet, vil det få store konsekvensar for elevane som mister bortebuarstipendet.
– Det blir vanskelegare å delta på kveldsaktivitetar og henge med vennar etter skulen. Det blir rett og slett berre reise for dei som ikkje får stipend til å bu på hybel.
Ho trur at mange som mister stipendet, no må jobbe for å få råd til å bu på hybel.
– Det vil drepe heiltidseleven. Ein må skaffe seg ekstrajobb utanom skulen for å få råd til å ta utdanninga si, meiner Hjartholm.