NRK Meny
Normal

– Litt desperat å hente ein pensjonert fotballspelar

Ekspertane er einige om at det er gambling av Sogndal å hente inn 41-åringen Kjetil Wæhler, som ikkje har spela fotball sidan i fjor haust.

wæhler

VIL HJELPE: Pensjonert fotballproff, Kjetil Wæhler (41) er hyra inn for å hjelpe Sogndal med stopparkrisa i laget.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

– Dette er nok litt prega av desperasjon. Mannen er 41 år og har ikkje spela fotball i år, men samtidig har ikkje Sogndal så mykje å tape, seier ekspertkommentator Karl Petter Løken.

Karl-Petter Løken

LOTTO: Ekspertkommentator Karl-Petter Løken, meiner det er gambling av Sogndal å hente inn ein pensjonert fotballspelar til laget.

Foto: NRK

Han meiner Sogndal måtte gjere noko no med den skadesituasjonen som laget er i. Og trass i at han meiner det er risikofylt å hente inn ein pensjonert fotballproff, avviser han ikkje at Wæhler kan vere ein nyttig spelar å ha.

– Han har nok tapt seg litt sidan han la opp, men dei hentar ein rutinert kar som veit kva som gjeld. Han blir nok ikkje betre enn han var, men spørsmålet er om og kor raskt han kan bli god nok til å gjere ein forskjell for Sogndal, seier Løken.

LES OGSÅ: Wæhler: – Håpar å få spele på laurdag

Handla kjapt

Sportssjef Håvard Flo i Sogndal seier nettopp det med erfaring er ein av grunnane til å hente inn ein fotballpensjonist. Tidlegare landslagsspelar Kjetil Wæhler har blitt hanka inn saman med tidlegare Sogndal-spelar Espen Næss Lund.

Håvard Flo

NØGD: Sportssjef i Sogndal, Håvard Flo, er glad for å få forsterkningar i backrekka og har ei god magekjensle for dei to nye spelarane i laget.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Vi er ekstremt glade for å ha fått inn desse to spelartypane i den situasjonen vi er i no. Eg har ei god magekjensle på dette, seier Flo.

Han fortel at problema tårna seg opp etter Haugesund-kampen, der Bjørn Inge Utvik fekk brotskade i ankelen, og Ulrik Fredriksen gjorde hands og vart utvist. Han er dermed er uaktuell i kampen mot Viking til helga.

– Etter den kampen kasta vi oss rundt og tok kontakt med dei to som no er her i Sogndal, seier Flo.

Håpar å rekke kampen på laurdag

Kjetil Wæhler er ivrig og kjenner seg klar for å spele fotball.

– Det har gått litt unna her. Eg kom til Sogndal i går og var på mi første trening i dag. Kroppen kjennest bra ut, og eg håpar å rekke tippekampen i helga, seier han.

Kjetil Wæhler

PENSJONIST: Her ser vi Kjetil Wæhler frå tida i Vålerenga. Han har ikkje spelt fotball i år, men no vonar han å kunne bidra for Sogndal i neste tippekamp.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Wæhler seier at han har halde seg bra i form, men at han kanskje er litt ute av trening når det gjeld det å spele fotball på ei stor bane.

– Eg har jo mykje rutine, så eg trur det skal gå rimeleg kjapt å kome inn i det igjen, seier den tidlegare landslagsspelaren.

Trur laget kjem til å rykke ned

Tom Nordlie

KRISE: Tom Nordlie meiner at dagens signering viser at det er krise i Sogndal.

Foto: Johansen, Carina / NTB Scanpix

Trenar og fotballkommentator Tom Nordlie trur kanskje ikkje dagens signering er rednigna for Sogndal.

– Det eg tenkjer om denne signeringa er at no er det krise i Sogndal, seier han.

Ekspertkommentator Karl-Petter Løken trur det blir vanskeleg for Sogndal å berge plassen i eliteserien denne sesongen.

– Eg var ein av dei som tippa Sogndal på ein av dei tre nedste plassane før sesongen. Det ser ikkje akkurat lysare ut no. Dei vil nok få det tøft. Men om dei skulle rykke ned, er ikkje det noka krise heller, seier Løken.

Kjetil Wæhler og Espen Næss Lund

NYE FJES: Kjetil Wæhler og Espen Næss Lund på Fosshaugane Campus.

Foto: Arve Uglum / NRK
Laster innhold, vennligst vent..
Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast