Hopp til innhold

– Kystfolket gler seg for tidleg

Stortingsrepresentant for Hordaland Frp, Arne Sortevik, meiner det er for tidleg å gle seg over realiseringa av Stad skipstunnel. Han meiner at regjeringa fort kan bryte løftet, slik dei har gjort tidlegare.

Arne Sortevik fryktar folket på kysten gler seg for tidleg

SKEPTISK: Arne Sortevik (Frp) gler seg over lovnaden om pengar til skipstunnelen. Samtidig er han skeptisk og fryktar folket langs kysten gler seg for tidleg.

Foto: Montasje: Knut Falch, Scanpix/Norwest3d

– Min første reaksjon er at eg er glad for at regjeringa har oppdaga at dette er eit viktig prosjekt og seier dei vil setje av pengar, og det er bra.

– Men så kjem jo meldinga om at pengane kjem tidlegast i 2018, og det synest vi er altfor seint, seier Sortevik til NRK.no.

Storstila feiring langs heile kysten

Etter å ha kjempa i over 30 år kom nyhenda mange på kysten har venta lenge på – regjeringa lovar ein milliard kroner til Stad skipstunnel.

– Det er eit viktig prosjekt og bidreg til tryggleik, sa statsminister Jens Stoltenberg som kom med meldinga på TV2 torsdag.

Både i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal vart nyhenda motteken med jubel og glede. I Selje dansa ordførar Ottar Nygård rundt i gangane før han heisa flagget.

– Det er ein fantastisk dag for heile Selje-samfunnet og langs kysten. Dette var kjempestort, sa han til NRK.no i går.

Stad skipstunnel er planlagt å gå gjennom Mannseidet frå Moldefjorden til Kjødefjorden og vil bli vel 1800 meter lang. Med tunnelen til rundt 1,5 milliardar kroner vil skipstrafikken sleppe å krysse det farlege Stadhavet.

Men vegen fram til ein tunnel står ferdig er framleis lang. Pengar til skipstunnelen ligg truleg ikkje inne før nærare 2020.

Fryktar regjeringa skal trekkje pengane tilbake

Arne Sortevik som sit på stortinget for Frp gler seg over lovnaden, men åtvarar samtidig om å gle seg for tidleg.

– Det er også slik at ein milliard ikkje fullfinaniserar ein stor tunnel. Vi ønskjer oss ein stor tunnel som også kan ta store skip, også hurtigruteskip, seier han til NRK.no.

Frp-politikaren fryktar lovnaden fort fell i fisk.

– Oppi all begeistringa er det også grunn til å minne om at denne regjeringa har lurt veljarar langs Vestlandskysten tidlegare. I 2009 vart det lova heving av ubåten utanfor Fedje i Hordaland. Det kom også pengar til det, det var sett i gang utgreiing og prosjekt, og det vart lyst ut anbod og inngått førebels kontrakt.

– Men så sette regjeringa alle bremsene på, og heile prosjektet vart stoppa og pengane trekt tilbake. Så vi skal ha litt av det med oss i bakhovudet no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stad Skipstunnel

IKKJE LENGER EIN UTOPI: Slik kan det om nokre år sjå ut frå brua på hurtigruta

Foto: NRK

Vil ha pengane fortare på plass

Til hausten går folk til valurnene, og Sortevik ser ikkje vekk frå at utspelet frå Stoltenberg og regjeringa er taktisk med tanke på valkampen.

– Det smakar ganske mykje av valkamputspel. Eg håpar at regjeringa meiner alvor, men pengane må komme tidlegare enn i 2018. Dette prosjektet er ferdig utgreidd, og det må vere ein fullfinansiering som gjer at vi er sikre på å kunne byggje ein stor Stad skipstunnel.

– Gler folk langs kysten seg for tidleg?

– Eg trur dei gler seg litt for tidleg, for erfaringane frå denne regjeringa er at vi må ha ein ekstra tryggleik for at pengane faktisk kjem, og at det kjem nok pengar til å byggje ut prosjektet.

– Politisk narrespel

– Og vi har blitt lurt før, eg synest jo at eksempelet som eg har peika på med ubåten utanfor Fedje er eit politisk narrespel nesten utan sidestykke.

– Og det er det denne regjeringa som har stått for, så dei har lova gull og grøne skogar før i valkampsamanheng.

Vil byggje tidlegare

Sortevik hadde helst sett at regjeringa la heile summen for utbygginga på bordet med det same.

– Så skal eg igjen understreke at det likevel er gledeleg at regjeringa har sett av pengar, men eg gjentek, skal vi ta dei på alvor så er det i alle fall slik at pengane kjem altfor seint og det er for lite pengar i forhold til full utbygging.

– Vi ønskjer å komme i gang i handlingsprogramperioden, og det vil seie i perioden frå 2014 til 2017. Vi vil byggje tidlegare og vi vil byggje i stor skala.