Hopp til innhold

- Endeleg sigra rettferda

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes i Sogn og Fjordane er strålande glad over at det er løyvd ein milliard kroner til Stad Skipstunnel.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

- RETTFERDA SIGRA: Fylkesrordførar Åshild Kjelsnes.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Heilt fantastisk. Det er ein stor dag for heile Norge, ikkje minst for tryggleiken til dei sjøfarande, og det er ein usedvanleg stor dag for oss på Vestlandet.

Statsminister Jens Stoltenberg kom i dag med nyhendet som har skapt stor glede på Vestlandet: Regjeringa set av ein milliard kroner i Nasjonal Transportplan til skipstunnelen som så langt har hatt mykje motbør.

Åshild Kjelsnes, Kristin Maurstad og Ingrid Heggø

KAKE: Åshild Kjelsnes, Kristin Maurstad og Ingrid Heggø feira med kake.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Irritert på skrivebordforståsegpåarar

Åshild Kjelsnes seier det er stort at rettferda no endeleg sigra.

– Eg har lenge irritert meg over skrivebordsforståsegpåarar som ikkje skjønnar kvardagslivet til dei som ferdast i uvêr, og Stadhavet er kjent for å vere eitt av dei tøffaste havstykka, ikkje berre i Norge.


– Hadde du nesten gitt opp håpet?

– Nei, det hadde eg faktisk ikkje. Eg følte at trass alle utgreiingane var det ein tone til at no måtte ein iallfall ta ei avgjerd, og eg hadde ei god magekjensle, og endeleg sigra rettferda, så dette er stort.

Stad skipstunnel skal gå gjennom dette fjellet, mellom Kjødepollen og Moldefjorden.

HER KJEM TUNNELEN: Stad Skipstunnel skal gå gjennom Mannseidet frå Moldefjorden til høgre og Kjødepollen til venstre.

Foto: Stig Silden

– I flytsona

Kjelsnes er klar over at det vil ta nokre år før skipstunnelen er ein realitet.


– Likevel, dette gir ein heilt annan tryggleik. No kjem det til å stå svart på kvitt at det er løyvd ein milliard, og nåde den som ikkje fylgjer opp det. Det er noko heilt anna enn at det skal vere utgeiing nummer x.

Fylkesordføraren kan i desse dagar gle seg over både ferjefri E39 og pengar til stad Skipstunnel.

– Det må vere lov å vere i flytsona, det neste vi gjer no er å kjøpe ein lottokupong. Dette er slike dagar vi tek med oss når det buttar imot. Vi skal ha ståpåvilje og pågangsmot, då får vi innartiaren til slutt i veldig mange saker.