Hopp til innhold

- Skipstunnelen blir avgjerande

Dersom Norge skal nå målet sitt om å bli den fremste sjømatnasjonen i verda må Stad skipstunnel byggjast, seier Selje-ordførar Ottar Nygård, som er prosjektansvarleg for skipstunnelen.

Ottar Nygård

- MEIR ATT FOR PENGANE: Ottar Nygård.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Den norske regjeringa har som mål å seksdoble norsk sjømatproduksjon fram mot 2050. Det vil bety auka skipstrafikk over det utsette Stadhavet, og dermed også styrke den samfunnsøkonomiske nytten av ein skipstunnel, seier Nygård.

– Eg meiner dette må vere ei gladmelding. Ved å byggje Stad skipstunnel får dei verkeleg mykje igjen for pengane.

Dersom målet om å seksdoble norsk sjømatproduksjon fram mot 2050 kjem næringa kjem til å omsette for 550 milliardar kroner. Den årlege veksten vil vere på 4,5 prosent, noko som vil auke den samfunnsøkonomiske nytten av Stad skipstunnel til mellom ein og to milliardar kroner.

Stad skipstunnel, Kjødepollen - illustrasjon

NÆRARE REALISERING? Stad skipstunnel.

Foto: NORDWEST3D

– Kva prosjekt kan du finne i landet som kan vise til ein samfunnsøkonomisk nytte på mellom ein og to milliardar kroner? Det finn du ikkje. Verdiskapinga i dei maritime klyngene her på Vestlandet har enorm betydning, seir Nygård.

Men på eit møte i Førde i går var samferdselsminister Marit Arnstad forsiktig med å love noko som helst. Ho viste til Nasjonal Transportplan.

– Nasjonal Transportplan skal ta føre seg forhold som er knytte til det samla transportbehovet i landet, og det er klart at Stad skipstunnel må diskuterast i den samanhengen, saman med ei rekkje andre prosjekt.

Marit Arnstad

VARSAM: Samferdselsminister Marit Arnstad.

Foto: Tone Iversen / NRK

Selje-ordførar og prosjektansvarleg for Stad Skipstunnel, Ottar Nygård, er likevel optimistisk med tanke på gjennomslag i den raudgrøne regjeringa.

– Eg har veldig god tru. Når eg ser at Senterpartiet har hatt tunnelen med i forrige program og i framlegget til nytt program så har eg god tru på at partiet vil vere med på å dra prosjektet framover.