Hopp til innhold

– Høgre har berre prioritert sine eigne kommunar

Fleire kommunar som har slått seg saman føler seg snytt over at dei ikkje har fått arbeidsplassar frå regjeringa. Ordføraren i Flora hevdar at regjeringa har prioritert sine eigne.

Ola Teigen vart overraska over at kystradioen skal leggast ned.

FORBANNA: Ole Teigen, ordførar i Flora frå Arbeidarpartiet, er forbanna og irritert over at byen hans har mista statlege arbeidsplassar.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Regjeringa har gjort det stikk motsette av det dei har sagt. Dei skulle styrke dei nye storkommunane med nye arbeidsplassar, men tvert om har vi blitt robba for offentlege arbeidsplassar, seier Flora-ordførar Ola Teigen (Ap).

Frå 1.1 2020 skal kommunen hans slå seg i lag med Vågsøy, og danne den nye Kinn kommune. Teigen fortel at ein av viktigaste grunnane til at samanslåinga fekk fleirtal, var at dei trudde dei skulle få betalt for det i form av arbeidsplassar og ressursar.

– Og no føler vi os snytt, seier Teigen.

Regjeringa har gjort det til eit stort poeng at dei vil flytte statlege arbeidsplassar ut av Oslo, og plassere dei i distrikta. I fjor la dei fram ein konkret plan for å flytte på 630 slike arbeidsplassar.

Det har blitt gitt sterke signal om at kommunar som slår seg saman står sterkare når dei statlege arbeidsplassane skal fordelast ut over distriktet.

– Men vi har ikkje fått noko. Vi har tvert om mista viktige statlege arbeidsplassar, mellom anna då Sogn og Fjordane politidistrikt vart lagt ned. Samstundes har Høgre-kommunen får tilført mange arbeidsplassar, seier Teigen.

Ordføraren tenkjer då særleg på utflyttinga av Fredskorpset til den nye Sunnfjord kommune.

Også Eid – ordførar Alfred Bjørlo (V) er kritisk til regjeringa sin politikk rundt utflytting av statlege arbeidsplassar, og meiner at hans kommune har fått altfor lite, trass i at dei har vore flinke og slått seg saman.

Florø by

FØLER DEI BLIR FLÅDD: Flora-ordførar Ola Teigen meiner at byen hans blir flådd for statlege arbeidsplassar.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Heilt usakleg

Statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet Anne Karin Olli (H) er ikkje imponert over kritikken frå ordførarane.

– Med all respekt, må eg seie at dette var ein veldig usakleg kritikk. Regjeringa har gjort mykje for å flytte statlege arbeidsplassar ut av Oslo, og har planar om å gjere endå meir.

Ansiktsbilde av Anne Karin Olli

FEIL: Statssekretær Anne Karin Olli meiner at det er feil at regjeringa har prioritert Høgre-kommunar når dei har delt ut statlege arbeidsplassar.

Foto: Mariela Idivuoma / NRK

Olli meiner at det er umogleg å påstå at Høgre-kommunar har fått meir enn andre.

– Eit godt døme er Kristiansund, som er ein sterk Ap-kommune med Ap-ordførar. Der har dei no fått tilført meir enn 40 statlege arbeidsplassar, seier statssekretæren.

Ho seier og at det ligg føre planar om å flytte ut endå fleire offentlege arbeidsplassar til distrikta frå regjeringa si side, men vil ikkje seie noko om kor tid eller kor dei vil kome.