Hopp til innhold

Fryktar nei-kommunar endar i bakleksa

Kommunane som har sagt nei til samanslåing har gjort det vanskeleg for seg sjølve når Staten no skal fordele hundrevis av arbeidsplassar, meiner Fylkesmannen.

Fylkesmann Anne Karin Hamre

UROA FOR ARBEIDSPLASSANE: Fylkesmann Anne Karin Hamre oppmodar kommunane i fylket til å vurdere kommunesamanslåing på nytt.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det bør ikkje mangle på informasjon, for det her er formidla tydeleg til politikarane. Spørsmålet er om dei har nådd godt nok ut til folk flest, seier fylkesmann Anne Karin Hamre.

Den nye storkommunen i Sunnfjord er saman med at Hornindal går i lag med Volda, dei einaste resultata av regjeringa sin reformprosess her i fylket.

Går mot tidenes dragkamp

Sentrale stortingspolitikarar har tydeleg sagt at det er kommunane som har sagt ja til samanslåing som vil stå sterkast. Det har også kommunalminister Jan Tore Sanner:

– Det er klart at de kommunane som har sagt ja til å gå saman, vil stille sterkare når diskusjonen om kvar dei statlege arbeidsplassane skal fordelast.

Og det er ikkje berre kommunane som må gjennom ein dragkamp, for også fylkeskommunane, Fylkesmannen, NAV og ei rekkje andre etatar skal omorganiserast.

Samstundes har regjeringa, saman med Venstre, lova ei utflytting av statlege arbeidsplassar. Og no har Jan Tore Sanner forlenga fristen til ut året, før Stortinget skal handsame kommunereforma neste vår.

Harald Offerdal, Jarle Aarvoll, Jon Håkon Odd

FEKK DET IKKJE TIL: Storkommunen som var på trappene i Sogn vart lagt død etter folkerøystingane. Ordførar i Leikanger, Jon Håkon Odd (til høgre), har ikkje planar om å ta saka opp til ny vurdering (her saman med ordførarane i Sogndal og Balestrand, Jarle Aarvoll og Harald Offerdal).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Denne veka la regjeringa sitt ekspertutval fram tre modellar for strukturen av Fylkesmannen i Norge. Om Sogn og Fjordane vert slått saman med Hordaland, kan det til dømes bli dragkamp om hundrevis av arbeidsplassar mellom Bergen, Leikanger og den nye storkommunen i indre Sunnfjord.

– Dei kommunane som slår seg saman har ein sterkare posisjon. Så eg vil jo oppmode kommunar som vil vurdere å sjå på samanslåinga ein gong til, om å gjere det, seier Hamre.

Støttar folkeviljen trass lokkemiddel

Men i Leikanger er det ikkje interesse for å gå nye rundar, trass i at kommunen er hovudsete for hundrevis av statlege jobbar.

– Leikanger har gjennom folkeavrøysting og i kommunestyret stort fleirtal for å halde fram som eigen kommune i framtida. Men eg går ut ifrå at resultatet av at Leikanger vil stå aleine, ikkje er at vi blir fråteke arbeidsplassar av ei sentralmakt. Det vil provosere meg ganske mykje, seier ordførar Jon Håkon Odd (Ap).

Etter ferien skal Fylkesmannen møte ordførarar over heile fylket. Men i fylkesmannskontoret si eiga heimbygd vil Hamre få lite gjennomslag når ho vitjar ordførarkontoret.

– Informasjonen rundt var kjend då Leikanger vedtok å halde fram åleine. Fordelinga av nokre statlege arbeidsplassar kan ikkje vere avgjerande for korleis ein skal organisere lokalsamfunn i framtida, seier Odd.