– Det er godt å vere på plass i Førde. Det er bra å vere her, seier den ferske direktøren Jan Olav Baarøy.
Det var svært kontroversielt då regjeringa flytta den statlege verksemda ut av Oslo, som ein del av satsinga deira på arbeidsplassar i distrikta. Men no er Fredskorpset godt i gang med å etablere 35 årsverk i Førde, og dei har lyst ut fleire stillingar.
– I dag har eg fått beskjed om at åtte tilsette i Oslo flyttar med oss til Førde. Det er fleire enn eg hadde håpa på, seier han.
Oppretta av Kennedy
Fredskorpset jobbar med utveksling mellom Norge og den tredje verda, og blei oppretta av John F. Kennedy i 1963.
Det var regjeringa som bestemte at dei statlege arbeidsplassane skulle flyttast ut av Oslo for å styrke distrikta, og dei tillitsvalde i fredskorpset tykte det var ein veldig dårleg ide. Sjølv om mange tilsette i Oslo har vore skeptiske til flyttinga av kontoret, trur direktøren det skal gå bra.
– Heldigvis har vi med oss ein del av dei som i dag jobbar i Fredskorpset. Den miksen med ein kjerne av dei som alt jobbar her, saman med nye tilsette, vil føre til kontinuitet i fagmiljøet.
– Eit bein å stå på
Førde-ordførar Olve Grotle (H) er strålande fornøgd med at Fredskorpset i dag opna sine nye lokale i Førde.
– Dette er ein kjekk dag for Førde, Sunnfjord og heile fylket. Fredskorpset kjem med stort mot, entusiasme og glede. Førde får no eit nytt bein å stå på og vi får eit internasjonalt vindauge, seier han.
- Les også:
- Les også:
- Les også:
SJÅ VIDEO: Direktør Jan Olav Baarø gler seg til å jobbe i Førde. Reporter Aleksander Åsnes/foto og redigering: Johan Moen.