Hopp til innhold

– Florø er stebarnet i den fylkeskommunale familien

Politikarar og folk i Florø meiner byen stadig er under angrep, og at få i fylket vil dei vel. Salet av Fjord1 er berre nok eit døme, meiner fleire.

Halvor Halvorsen

OPPGITT: Halvor Halvorsen er ein av dei som er skuffa over at Fjord1 skal seljast.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Stemninga er ikkje akkurat lystig, fortel Halvor Halvorsen. Han er venstrepolitikar i kystbyen, og er ein av fleire som i sosiale medium har vore kritiske til fylkeskommunen sitt sal av Fjord1.

Laster Twitter-innhold

Han og fleire med han meiner avgjerda berre føyer seg inn i rekka av fylkeskommunale vedtak som råkar Florø og kysten på ein negativ måte.

– Viss det er Florø, så er det ikkje så nøye, det er den genuine oppfatninga i Florø. Vi kjenner det heile tida. Kystvegen er ikkje så nøye, og det er stadig debattar der det kjem fram. Florø er stebarnet i den fylkeskommunale familien, seier Halvorsen.

Reporter Even Lusæter tok ein tur til Florø for å høyre kva folk der meiner om salet av Fjord1. Høyr kva svar han fekk:

Skuldar på Senterpartiet

Også Jacob Nødseth, som no representerer Samlingslista i kystbyen, er tydeleg på at folk har sett seg leie av å bli nedprioriterte.

– Eg har reist mykje rundt og langs kysten, og folk opplever at ein ikkje har fått den drahjelpa ein har fått andre stader. Det er vekst langs kysten, men ikkje her.

Statoil ut av Florø ..Fjord 1 ut av Florø.sykehuset ut av Florø.snart ryker vel Fjord base og Meeeeeeeget gode politikere i Florø......

Florøværing på Facebook
Jacob Nødseth

UVISSE: Jacob Nødseth er kritisk til Senterpartiet og det han meiner er stadig nedprioritering av kysten.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Både Nødseth og Halvorsen peikar i retning av Senterpartiet når dei skal forklare kvifor kysten taper.

– Senterpartiet la ned Florø sjukehus. No skaper dei nok ein gong uvisse i byen vår, og det er utfordrande. Det er etter kvart vanskeleg å argumentere mot den openberre rekka av vedtak som Senterpartiet har støtta, som har vore lite fordelaktige for Florø, seier Nødseth.

– Har stått på for Flora

Sigurd Reksnes, som er gruppeleiar for Senterpartiet i fylkestinget, synest det er trist at dei to Flora-politikarane har ei slik oppfatning.

Sigurd Reksnes

– GOD JOBB FOR FLORA: Gruppeleiar Sigurd Reksnes i Sp.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Eg vil hevde at vi har stått på barrikadane for Flora i veldig mange saker. Eg kan nemne kampen for Sogn og Fjordane politidistrikt og Alarmsentralen. Eg føler og at vi har gjort ein veldig god jobb når det gjeld oljebasen i Flora.

Heller ikkje i Fjord1-saka meiner Reksnes at Senterpartiet har gjort noko som ikkje gagnar Flora.

– Eg meiner faktisk at vi har gjort ein god jobb no og. Det har vore viktig for oss å sikre framleis hovudkontor i Florø. Avtalen med Torghatten sikrar framleis hovudkontor i Florø, og vi meiner vi kan feste tillit til det, for Torghatten har ein desentralisert forretningsstruktur.

– Må ikkje henge med hovudet

Dei to lokalpolitikarane i Flora peikar også på Kystvegen som ei sak fylkespolitikarane ikkje har teke på alvor.

Avskaffe heile fylkestinget...Dei raserer heile kysten. Prioriterer alt som er i indre...

Florøværing på Facebook

– På mange område så er det nok mange som har tenkt at hadde vi fått litt drahjelp, så hadde vi fått til mykje. I staden opplever ein at det ikkje blir gjort noko, eller at det som blir gjort er negativt, seier Nødseth.

Samstundes som dei er særs misnøgde med måten kystbyen blir behandla på, så er Halvor Halvorsen tydeleg på at det ikkje går å henge med hovudet.

– Det tek ikkje verda framover. Vi må brette opp ermene og skape noko sjølv. Det har vi alltid gjort her ute, og vi veit at vi ikkje får støtte av nokon andre.


Hadde Fjord1 hatt hovedkontor i Leikanger eller en annen kommune inne i en fjord, hadde fylkeskommunen kjøpt aksjer, ikke solgt. Men arbeidsplasser i kystbyen Florø betyr tydeligvis ikke mye for det knappe flertallet i fylkestinget. Dette er bare trist, og jeg er oppriktig lei meg for at vi på kysten av fylket så til de grader ikke lyttes til. Dagens vedtak føyer seg inn i rekken av fylkeskommunale vedtak som bekrefter påstanden om at Florø eksisterer på tross av, ikke på grunn av, Sogn og Fjordane fylke.

Jacob Nødseth / Jacob Nødseth på Facebook