NRK Meny
Normal

Ein av tre ungdomsskuleelevar brukar sykkelhjelm

FØRDE (NRK): – Hjelmen er som ein kloss på hovudet, seier Emil Nordvik som syklar utan hjelm, medan kompis Olve Nordheim brukar hjelm.

Olve Nordheim (15) (f.v) og Emil Nordvik (15)

PÅBOD: Olve Nordheim (15) (f.v.) og Emil Nordvik (15) er to av mange elevar i Førde som brukar sykkel for å koma seg til og frå skulen, med og utan hjelm.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Det er vel ikkje så veldig kult med hjelm. Eg har kort veg heim og det har gått fint til no, seier tiandeklassingen Emil Nordvik som er elev ved Førde ungdomsskule.

Han står saman med klassekameratane utanfor sykkelparkeringa på skulen. Syklistenes Landsforbund trur fleire vil gjere som Nordvik viss det kjem eit påbod om å bruke hjelm.

– Det er bra at folk brukar sykkelhjelm, men vi ynskjer ikkje eit påbod. All erfaring viser at det einaste det medfører er at sykkelbruken til folk går ned, seier Hulda Tronstad, informasjonssjef i Syklistenes Landsforbund.

Tal frå Statens vegvesen viser at det dei siste åra har vore ein nedgang i talet på dei som brukar sykkelhjelm. Berre halvparten av alle som syklar brukar hjelm. Dei flinkaste på hjelmbruk er barna under 12 år, der heile 80 prosent bruker hjelm.

Påbod i Sverige

I Sverige er det påbod om å bruka hjelm for ungdom under 15 år.

– Der ser vi at talet på ungdommar som syklar har gått kraftig ned etter påbodet. Alle undersøkingar viser at sykling er bra for folkehelsa. Det er sunnare å sykla, enn å la vera, seier Tronstad.

Av dei vaksne er det mosjonssyklistane som er flinkast til å bruka hjelm. Når det gjeld tenåringar er hjelm ei pest og ei plage.

– Dei som skal sykla fort kler seg etter forholda. Den største utfordringar vår ligg i å få tenåringane til å bruka hjelm. Dei fleste av dei byrjar å bruka hjelm att i vaksen alder, seier distriktsleiar i Trygg Trafikk, Audun Heggestad.

– Litt av problemet er at når elevane kjem på ungdomsskulen sluttar dei å bruka hjelm fordi det ikkje er kult. Vi jobbar no meir aktivt med ungdomsskuleelevar for å betra hjelmbruken, seier Heggestad.

80 prosent høgare risiko for ulukker

Forskinga viser at bruk av sykkelhjelm reduserer sjansane for alvorlege hovudskadar i sykkelulykker med 80 prosent.

– Ein legg til fem år på sine levealder ved å sykla jamleg, og så mister ein nokre dagar på grunn av skadar og forureining. Så sett under eitt er sykling veldig bra, seier Tronstad i Syklistenes Landforbund.

Debatten om påbod har vore oppe til diskusjon før, utan at det vart innført ei lovendring.

– Om debatten kjem opp att vil vi kjempa for at det vert påbod om å bruka sykkelhjelm, seier Heggestad i Trygg Trafikk.

Ulike syn på hjelmbruk

Ved Førde ungdomsskule er det mange av elevane som ikkje nyttar hjelm. Ved skuleslutt blir det godt synleg når elevane skal hente syklane sine frå sykkelparkeringa. Men ungdomsskuleelev Olve Nordheim syklar heim – med hjelm.

– Eg tenker på sikkerheita. Eg har tidlegare gått på trynet, og sjølv om eg ikkje har skada hovudet dei gongane vil eg ikkje ta sjansen på at det går bra fleire gongar, seier Nordheim.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser