Hopp til innhold

– Ein svart dag for Vik

Dei borgarlege partia gjekk hardt ut og kritiserte dei raudgrøne for å ikkje gjere nok for Vikafjellstunnelen. No har dei sjølve lempa heile prosjektet ut av Nasjonal transportplan.

Olav Turvoll, framlegging av Nasjonal transportplan, 5. april 2017

SKUFFA: Ordførar Olav Turvoll i Vik er skuffa over at Vikafjellstunnelen er lempa heilt ut av Nasjonal transportplan.

Foto: Noralv Pedersen/NRK

– Dette er verre enn det verste vi kunne tenkje oss, ein svart dag for Vik. Vi hadde i alle fall sett føre oss at tunnelen låg inne i andre planperiode, seier Vik-ordførar Olav Turvoll frå Senterpartiet.

Det gjorde han altså ikkje. Å byggje Vikafjellstunnelen for å betre framkomsten over Vikafjellet på vinteren ligg ikkje inne i planane til regjeringa og samarbeidspartia i det heile.

Les også: Dette får Sogn og Fjordane i NTP

I 2013 føreslo den raudgrøne regjeringa å bruke 100 millionar på å byggje tunnelen, med oppstart i det som då var den siste planperioden. Den gongen sa dei borgarlege partia at dei raudgrøne burde ha gått lengre, og fått det inn i den første planperioden, altså før 2018.

Når dei sjølv har fått makta, har pipa fått ein annan lyd, og prosjektet er heilt ute.

– Dette er eit løftebrot av dimensjonar. Dei borgarlege meinte dei raudgrøne ikkje tok nok i, no gjer dei sjølve null og ingenting, seier ordførar Turvoll.

– Korleis trur du folk vil reagere på dette i Vik?

– Tilliten til politikarar blir jo skikkeleg dårleg med dette, seier Turvoll.

Snøskred på Vikafjellet

HYPPIG VINTERSTENGT: Vegen over Vikafjellet kan vere krevjande å køyre på vinteren.

Foto: Vegard Dale Bergheim

Les også: Store forventningar til nasjonal transportplan i Vik

Les også: No må du ordne Vikafjellstunnelen, Jenny!

Skuffa høgremann

Morten Midlang er leiar for Vik Høgre; han er skuffa over partiet sitt.

– Eg er sjølvsagt like skuffa som ordføraren. Det er ikkje noko god kjensle, seier Midlang om at også hans eige parti står bak skrotinga.

Morten Midlang, leiar i Vik Høgre

VONBROT: Morten Midlang, leiar i Vik Høgre, likar ikkje at hans eige parti har skuffa heile vikjasamfunnet ved å vrake Vikafjellstunnelen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Midlang seier han faktisk trudde at partifellane hans hadde lytta til han når han snakka om kor viktig Vikafjellstunnelen er.

– Eg er både skuffa og forundra over at dei ikkje har vore samde i argumenta våre. No vil eg prøve å finna ut kvar det er argumenta ikkje har nådd fram.