Nasjonal transportplan er ein overordna plan for nasjonale samferdsleprosjekt som går over 12 år. Kvart fjerde år gjer Stortinget ein revisjon av planen, og det er alltid knytt stor spenning til kor regjeringa ønskjer å bruke pengar på samferdsle.
Denne gongen har regjeringa og samarbeidspartia Venstre og KrF vorte samde om grepa i NTP, og dei har dermed fleirtal i Stortinget for å få igjennom planen sin.
Dette er alt som ligg inne i NTP
Første periode (2018-2023):
- Utbetring av E39 mellom Myrmel og Lunde i Gaular til 500 millionar
- Rassikring av riksveg 5 i Kjøsnesfjorden i Jølster til 1,1 milliardar
- Bygging av Stad skipstunnel til 1,5 milliardar
Andre periode (2024-2029):
- Utbetring av hamna i Florø og i Kalvåg til 170 millionar
- Bygging av Stad skipstunnel til 1,2 milliardar kroner
- Utbetring av E39 med tunnel forbi Vadheim til 1,1 milliardar kroner
- 1 milliard til utbetring av E30 mellom Byrkjelo og Sandane
- 700 millionar til utbetring av E39 på Skjersura mellom Årdal og Ålhus i Jølster
- Utbetring av E39 gjennom Våtedalen i Gloppen til 1,3 milliardar
- Rassikring av E16 mellom Gudvangen og Stalheim i Nærøydalen til 1,7 milliardar
1 milliard til Byrkjelo-Sandane
Eit av prosjekta i NTP som vart avslørt for første gong i dag er ei satsing på ein milliard kroner for å ruste opp E39 mellom Byrkjelo og Sandane i Gloppen kommune. Vegen har i dag fleire flaskehalsar og ulukkeutsette område.
– No får vi snart avgangar kvart 20. minutt på ferjestrekka Anda-Lote. Då er det heilt naudsynt å få til ei opprusting av denne vegen, seier førstekandidat for KrF i Sogn og Fjordane Tore Storehaug om prosjektet.
Byrkjelo-Sandane ligg inne i andre periode av NTP, noko som tyder at det ikkje vil skje noko i neste stortingsperiode.
Les også: Store forventningar til NTP
Det meste har vore kjent frå før
Gjennom planlagde lekkasjar dei siste vekene veit vi frå før at Sogn og Fjordane får pengar i NTP på det følgjande.
- Bygging av Stad skipstunnel for 2,7 milliardar kroner
- Rassikring av riksveg 5 ved Kjøsnesfjorden i Jølster
- Ein halv milliard til opprusting av E39 mellom Myrmel og Lunde i Gaular
- Utviding av hamna i Florø og i Kalvåg for 180 millionar kroner
Ingenting til Vikafjellet
I 2013 fekk den raudgrøne regjeringa 100 millionar kroner til bygging av Vikafjellstunnelen inn i andre planperiode av NTP, altså i slutten av ein tiårsperiode fram mot 2023.
Den gongen meinte H, Frp og KrF at regjeringa burde ha gått endå lengre og fått det inn i den første planperioden. No sit dei sjølv med makta, og fasit er at det ikkje er sett av meir pengar til Vikafjellstunnelen. Prosjektet er heilt ute av transportplanen.
Også for Strynefjellet har det vore knytt forventingar til pengar frå dagens framlegging av NTP, men heller ikkje her har regjeringa innfridd.