Hopp til innhold

– Doping er eit aukande problem

FØRDE (NRK): I Førde arbeider politiet og treningssentera saman for å kunne ha kontroll over doping.

Video Doping blant ungdom

MEIR DOPING: Det er meir omsetnad av ulovlege dopingmiddel gjennom nettbutikkar, enn før. Samarbeid mellom politiet, treningssentera og Antidoping Norge er naudsynt for å ha kontroll, men det er ikkje nok til å stoppe bruken. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Nyhetsspiller

Onsdag kveld vart 23 menn pågripne i Bergen under ein aksjon mot eit dopingmiljø i byen. Sjølv om aksjonen berre var retta mot miljø i Bergen, er det mykje som tyder på at doping framleis er utbreidd.

Lensmann i Førde og Naustdal, Dag Fiske, seier dei ser doping i Sunnfjord, og at det er ein aukande trend.

– Vi har hatt aksjonar på treningssenter det siste året der folk har blitt tatt for bruk av dopingmiddel, seier Fiske.

Fem tatt i år

I Førde har politiet aksjonert mot enkeltpersonar etter at dei har hatt mistanke om doping. Kring fem personar er tatt for bruk og innehav av dopingmiddel i år, ifølge Fiske.

– Vi får opplysingar frå tollvesenet når nokon har kjøpt dopingmiddel på nettbutikkar, og vi får tips frå treningssenter når dei mistenker nokon, seier lensmannen.

I Sunnfjord har politiet arbeidd systematisk med doping i fleire år, etter at dei i 2009 gjennomførte ein stor aksjon mot eit miljø i Førde. Sidan dette har politiet hatt kontroll over bruken av doping i Førde. Men generelt har dei i det siste sett ei auke i kjøp og sal av dopingmiddel.

Senter testar medlemmar

Derfor jobbar no politiet tett med treningssenter i Førde, mellom anna med treningssenteret Spenst.

– Eit par månader tilbake hadde vi testing av medlemmar med hjelp frå politiet, seier Kent Roger Engdal på Spenst i Førde.

Dei har førebyggande samtalar med medlemmar, både som dei mistenker bruker dopingmiddel, og andre på senteret. Dei legg merke til det dersom medlemmar endrar kroppsform raskare enn det som er naturleg.

Kent Roger Engdal, Spenst Førde

SAMARBEIDER: Kent Roger Engdal på Spenst i Førde samarbeider med politiet og Antidoping Norge for å førebyggje doping.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Vi har avtale med Antidoping Norge, som vi kan støtte oss på når vi er usikre. Dei kan gjennomføre testar slik at vi kan stadfeste om det vi tenker er riktig eller ikkje, seier Engdal.

Testane som Antidoping Norge gjennomfører, er det treningssentera sjølve som må betale. Ein test kostar kring 3000 kroner, og Engdal seier at Spenst i Førde bruker 50 000 kroner i året på testing av medlemmar.

– Det gjer at vi får gjennomført mykje. Dersom nokon nektar testing, blir det ein politisak vidare. Det har skjedd før, seier Engdal.

– Treningssentera er uroa

Rådgjevar i Antidoping Norge, Kim Eilertsen, fortel at deira testar viser ei auke i dopingbruken i landet.

– Resultata frå testane vi har gjennom ført dei siste åra viser at vi har fått fleire positive prøver, seier han.

Han seier at det er meir fokus på styrketrening mellom ungdom og damer enn det var før, og det gjer at risikoen blir større for at fleire vel dopingmiddel.

– Treningssentera er uroa over utviklinga.