For problemet med doping og anabole steroider synte seg å vere langt større enn det politiet først var klar over.
Det vedgår politimeister i Sogn og Fjordane, Johan Brekke i samband med den store landsomfattande doping saka som har involvert 16 politidistrikt.
- Vi såg ikkje omfanget av denne saka då den starta, sa Brekke på pressekonferansen tidlegare i dag.
I alt 63 personar landet over er pågripne i saka som politiet har jobba med i over eit år. 22 personar kjem frå Sogn og Fjordane, 11 er frå Hordaland, Sju personar kjem frå Haugaland og Sunnhordaland. Det er også sju personar som kjem frå Nordmøre og Romsdal, og fire personar kjem frå Oslo. I tillegg er det arresterte politiet ikkje informerte om kvar kom frå.
Omfanget av doping overraskar
Saka gjelde både sal om omsetnad av både amfetamin, ecstasy og doping som anabole steroider. Men etterkvart viste det seg at omfanget av bruken av dopingmiddel var mest omfattande i saka.
- Salet av doping og anabole steroider er eit langt større problem enn politiet har vore klar over, seier politimester Johan Brekke.
Brekke fortel om ein stort marknad med stor forteneste og stort omfang.
Våpen
Det er også gjort beslag av våpen i Førde og Bergen.
Politiet har funne batongar, dynamitt, men også ei avsagd hagle og imitasjonar av våpen er beslaglagt.
- Kjempestort samfunnproblem
Sjølv om saka har vore ressurskrevjande for politiet, meiner Brekke det har vore riktig å satse på denne opprullinga. For politimeisteren påpeiker at narkotika er eit kjempestort samfunnproblem som må takast på alvor.
- Saka har ført at politiet har større fokus på slike saker. Og det har vore ei stadfesting på at vi også har narkotika her, seier han.
Han håpar at dei som trur dei kan bryte narkotikalova, skjønar at politiet har fokus på slike saker og vil slå hardt ned på det.
Burde vore annleis organisert
Politiet hadde vore tent med ei anna organisering i denne saka. Det vedgår Brekke er ein lærdom etter over eit år med etterforsking.
Sogn og Fjordane Politidistrikt ser difor no på organiseringa si for å bli meir effektive i etterforskinga av slike brotsverk.
Les alt om: