Hopp til innhold

– Det tek bort både evne og vilje til å satse

MÅLØY (NRK): Han investerer millionar i lokale bedrifter, og går rett i strupen på dei som vil reversere kutta i formuesskatten.

Gunnar Carlson

OPPGITT: Gunnar Carlson meiner det ikkje er tvil om formuesskatten øydelegg for jobbskapinga. I tillegg slepp utanlandske eigarar å betale.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes

– Vi ser at formuesskatten svekker investeringsevna og viljen. Det råkar små og mellomstore bedrifter, seier storinvestor Gunnar Carlson i Måløy.

For berre tre dagar sidan sa statsminister Erna Solberg til NRK at ho ikkje veit om milliardkutt i formuesskatten har nokon effekt.

Det meiner Carlson derimot at er heilt tydeleg. Han har vore fødselshjelpar for ei rekkje verksemder i Vågsøy kommune. Datalagring, verft og teknologiselskap er starta i kystsamfunnet. Forretningsmannen bygde tidleg opp ein formue, pengane blir investert i selskap i startfasen.

– Det er kjekt å vere med å bygge lokalsamfunnet, men politikarane bør sjå at formuesskatten er destruktiv, seier Carlson.

I Måløy er lokalt næringsliv avgjerande:

– Det er vanskeleg å skaffe bankfinansiering eller eksterne investorar. Eg føler dette på kroppen kvar dag, for næringslivet er formuesskatten sterkt belastande, seier han.

Veit ikkje om milliardkutta har effekt

Erna Solberg

VIL IKKJE KOME MED DØME: Statsminister Erna Solberg (H) vitja også Måløy førre månad.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Sjølv statsminister Erna Solberg (H) strevar med å finne døme på bedrifter som har tilsett fleire folk som følgje av regjeringa sine kutt på fem milliardar kroner i formuesskatten:

– Det finst verksemder som har tilsett fleire, men om det kjem berre på grunn av endringar i formuesskatten trur eg ingen av oss kan seie, sa Solberg til NRK.

På torget i Måløy er Ap sin nestleiar Hadia Tajik på valbesøk.

– Heller ikkje statsministeren greier å dokumentere at kutta skapar nye arbeidsplassar, her er eg og Erna Solberg heilt samde, seier Tajik.

Vestlandsbesøk

PÅ VESTLANDSKYSTEN: Nestleiar i Ap Hadia Tajik.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ap vil auke – Høgre vil kutte

Men medan Høgre vil kutte meir i formuesskatten, vil Ap auke den med fem milliardar kroner.

– Formuesskatten jamnar ut skilnadar, og finansierer viktige velferdstilbod innan helse og skule, seier Tajik.

Gunnar Carlson meiner Ap brukar formuesskatten som symbolpolitikk:

– Det verkar som at kutt skal råke born og eldre. Men dette handlar om alle sider ved ein heilskap. Likevel bankar Arbeidarpartiet bodskapen inn.

Gunnar Carlson

SATSAR: Investor Gunnar Carlson har satsa på ei rekke bedrifter dei siste åra. Han seier han har ingenting i mot å betale skatt, men meiner formueskatten er feil type skattlegging.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– ​ Betalar skatt i staden for å investere

Gunnar Carlson sitt familieselskap hadde ved årsskiftet ein eigenkapital på 123 millionar kroner.

– Formuesskatten påverkar ikkje mitt levesett, men det påverkar evna mi til å investere i bedriftene. Eigarar tar ut utbyte for å betale skatt, i staden for å investere meir, seier Carlson.

​ Men kan du sjølv syne til døme på ting som ikkje er blitt noko av som følgje av formuesskatten?

– Eg skal ikkje prøve på det, men her er framleis ikkje nok aktivitet. Hadde vi hatt meir pengar er eg sikker på at vi hadde meir aktivitet, skatten gir oss mindre pengar til å investere, seier Carlson.

– Dei som har mest betalar mest

​Men Hadia Tajik fryktar ikkje tapte jobbar:

–​ Dei som vil investere skal kunne gjere det. Mellom anna skal staten stille opp med pengar, og skatteinsentiv når ein startar nye verksemder.

Hadia Tajik (Ap)

MEINER SKATTEN IKKJE ØYDELEGG: Dei siste åra har Ap hevda hardnakka at kutt i formuesskatten nærast er utan effekt på bedriftene sine investeringar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK