NRK Meny
Normal

– Det sterkaste inntrykket var å besøka konsentrasjonsleiren der far min var fanga

I kveldens episode av serien «99% norsk» på NRK tar Ajdin Bahonjic (27) med seg bestekameraten Christian Eikenes (28) heim til fødelandet Bosnia.

Ajdin og Christian

GRAVPLASS: Ajdin Bahonjic (t.v.) og Christian Eikenes besøkte blant anna gravplassen til mange av dei som miste livet under Balkankrigen.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

– Det var utruleg kjekt å ha med Christian til Bosnia. Eg fekk vist han kor eg kjem frå, fortalt litt om kva vår familie opplevde under krigen og ikkje minst korleis bosniarar festar, seier Ajdin Bahonjic.

I mars 1992 flykta Ajdin frå Balkan-krigen saman med mor si og hans to år eldre bror. I sesong to av «99% norsk» er det fem episodar der fem unge nordmenn med utanlandsk opphav reiser til heimlandet saman med bestevenen sin.

Sterke inntrykk

Gjennom heile krigen mista over 100.000 menneske livet. I fødebyen til Ajdin, Trnopolje, var 2000 drepne av serbarane og det var her dei sterkaste inntrykka frå reisa kom.

– Sterkast inntrykk frå turen var besøket i konsentrasjonsleiren i Trnopolje. Her har både min far og bestefar vore fanga. Eg har ikkje besøkt konsentrasjonsleiren tidlegare, seier Ajdin.

Ajdin har vore jamleg tilbake i Bosnia for å besøka besteforeldra, tantar og onklar, men for første gong hadde han med seg bestekompisen.

Første gong

Episoden med Ajdin og Christian vert sendt i kveld på NRK 1 og det blir første gong han ser den ferdig redigerte episoden.

– Christian bur i Bergen, men kjem til Førde for å sjå den saman med meg og nokre andre vener av oss, seier Ajdin.

At det vart eit eige program av han er litt tilfeldig.

– Eg melde meg på for moro skuld. Circa eitt år seinare skreiv programleiaren til meg på messenger. Eg ville ikkje opne meldinga før nokre dagar seinare. Så eg tok meg ein prat med Christian for å sjå om han kunne tenkt seg å vere med. Og vipps, så vart vi med, seier han.

To bestevenner reiser til utlandet for å bli bedre kjent. De får høre om familiehemmeligheter, krig, kjærlighet og savn. Bli med til Somaliland , Bosnia, Sierra Leone, Russland og Zambia. Ajdin og Christian fra Bosnia og Førde er kompiser. Ajdin har aldri snakket med Christian om flukten fra krigen på Balkan. Nå reiser de tilbake til Ajdins barndomstrakter. Det blir både alvor og en god del fest og moro. (2:5)

Sjå episoden med Ajdin Bahonjic og Christian Eikenes som reiser til Bahonjic sitt heimland.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast