NRK Meny
Normal

– Om du vil ha det, så er det ikkje vanskeleg å få tak i narkotika

FØRDE (NRK): Forbruket av det narkotiske stoffet MDMA (Ecstasy) er på eit høgare nivå enn på mange år i Norge. Tilgangen er god og brukarane unge.

Synne Jamaris, Elise Venjum Solheim og Kamilla Kvamsås

LETT: Kamilla Kvamsås, Elise Venjum Solheim og Synne Jamaris meiner det er lett for mindreårige å få tak i narkotiske stoff om dei vil det.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Eg veit kven eg skal snakke med vist eg vil ha tak i det ja, seier Synne Jamaris (16) som er elev ved Øyrane vidaregåande skule i Førde.

Og klasseveninna hennar, Elise Venjum Solheim, stemmer i.

– Om du går ein tur på Rutebilstasjonen og snakkar med dei rette folka skulle det ikkje vere så vanskeleg å få tak i noko, seier ho.

Meir enn på 15 år

Det er ikkje berre i Førde at det narkotiske stoffet MDMA er lett tilgjengeleg for ungdomane. Stoffet var så godt som borte frå marknaden i 2009, men har kome kraftig tilbake siste åra.

I fjor beslagla politiet kring 34.000 tablettar og 14 kilo MDMA-pulver fordelt på nær 1.000 beslag over heile landet.

Oversikt over MDMA-beslag

OVERSIKT: Det blir beslaglagt mindre MDMA enn i 2015, men tal beslag auka med 13 prosent i 2016. Det er no både fleire beslag og større mengde MDMA enn då stoffet sist hadde sin popularitetstopp på byrjinga av 2000-talet, skriv Kriops narkotika- og dopingstatistikken for 2016.

Foto: Politiet

– Vi er tilbake på eit nivå i nærleiken av der det var ved førre bølgjetopp rundt år 2000, seier seksjonsleiar for Rustelefonen, Sturla Johansen.

Bestiller på nett

Sturla Johansen

UNGE: Seksjonsleiar for Rustelefonen, Sturla Johansen, fortel at dei fleste av brukarane av MDMA er i 20-åra.

Foto: Rustelefonen

Johansen fortel at det er mogleg å finne ut meir om forbruket ved å analysere avløpsvatn. Ei slik analyse frå Oslo i mars i fjor viser at hovudstaden ligg i europatoppen når det gjeld bruk av MDMA i helgene.

Han meiner det er naturleg at den trenden spreier seg i Noreg. Betre tilgang kan vere litt av forklaringa trur han.

– Brukarane har blitt mindre avhengige av kriminelle miljø og smuglarruter. Stadig meir av desse stoffa kjem via postsystemet og er bestilt på internett, seier Johansen.

Mindreårige på narkofest

Regionlensmann Dag Fiske

ANSVAR: Lensmann i Førde, Dag Fiske meiner foreldre bør følgje opp ungdommar betre.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

At også ungdomane i Førde er utsette, oppdaga politiet til det fulle natt til søndag. Fem menn i 20-åra vart arresterte for bruk av amfetamin og MDMA. 12 mindreårige vart henta av foreldrene sine.

Lensmann, Dag Fiske seier han ser stadig fleire mindreårige tilknytt narkomiljøet i byen.

– Det er ei urovekkande utvikling. Når ungdommar ned i 15-års alder heng i desse miljøa er vegen kort til å bli brukar, seier Fiske.

Ber foreldra ta ansvar

– Eg trur mange av dei foreldra som vart bedne om å hente borna sine på fest natt til søndag vart overraska. Dei ante ikkje at deira born var på slike festar. Eg synest foreldre bør ta meir ansvar og følgje opp ungdommane sine betre, seier lensmann i Førde, Dag Fiske.

Kamilla Kvamsås

KONSEKVENSAR: Kamilla Kvamsås trur jamaldringar kan øydelegge mykje for seg sjølv om dei byrjar å bruke narkotiske stoff.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Førsteklassing på Øyrane vidaregåande skule Kamilla Kvamsås er einig med Fiske.

– Mange seier dei skal ein stad og så dreg dei ein annan stad. Eg synest foreldre burde bry seg meir om kva vi ungdommar driv med. Det er lett å hamne utpå og øydelegge for seg sjølv, seier Kamilla Kvamsås.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.