Hopp til innhold

Kallar inn ungdom til samtalar etter narkotikafest

12 mindreårige må no møte til samtalar med politiet etter ein fest der amfetamin og andre sterke stoff var i omløp.

Dag Fiske ved skrivebordet

URA: Lensmann i Førde Dag Fiske likar dårleg utviklinga i ungdomsmiljøet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Dei som er i aldersgruppa 15 til 17 år vil vi følge opp med bekymringssamtalar. Der informerer vi dei og foreldra om kva som rører seg på adressene dei var på, fortel Dag Fiske.

Natt til søndag avbraut politiet ein fest i Halbrendslia i Førde. Der vart fem menn i 20-åra arresterte for bruk av narkotika. Det skal dreie seg om amfetamin og MDMA (ecstacy).

- Dei som vart tatt med stoff, bruk og sal får førelegg og straff. Mange av dei som var der var frå 15–17 år. Vi kontakta foreldra til ein god del av desse. Dei var påverka av alkohol men ikkje andre rusmiddel. Men vegen er kort frå alkohol til tyngre stoff når ein heng i dette miljøet.

Ber foreldra følgje med

Fiske fortel at det er eit ungdomsmiljø som politiet følgjer tett. I haust aksjonerte dei mot miljøet og oppdaga då at der var tyngre stoff i omløp. På helgas fest var mellom 35 til 40 personar samla.

– Vi fekk tatt ut nokre seljarar, men no ser det ut til at enkeltpersonar frå same miljøet har tatt over på salssida. I dette miljøet er det mange unge som oppsøkjer desse personane, men vi har enno ikkje avdekka at dei er brukarar, seier Fiske.

Politiet har oversikt over fleire adresser der miljøet har tilhald, og det er ofte mindreårige til stades. No ber han foreldre om å skaffe seg oversikt over kven borna er saman med.

– Det er lett å seie at ein skal ha kontroll på ein 15–16 åring, men å halde oversikt over kvar dei er og kven ein heng med er ikkje lett. Mange av foreldra som vart ringt opp i helga visste ikkje kor ungdommane deira var. Ein må kommunisere med ungdommane i huset.