Hopp til innhold

Beslagla narko for store summar i stor aksjon i Førde

FØRDE (NRK): Politiet har arrestert det dei meiner er hovudmannen i ein narkoliga i Sunnfjord. Under aksjonen fann dei narkotika og doping med ein gateverdi på fleire hundre tusen.

Dag Fiske, lensmann i Førde

GJEKK TIL AKSJON: Regionlensmann Dag Fiske er glad for at dei no har avdekka det dei meiner er eit omfattande narkomiljø i Førde.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

– Natt til fredag så hadde vi ei pågriping her i Førde der vi gjorde eit av dei største narkobeslaga som er gjort i Sogn og Fjordane, seier regionlensmann Dag Fiske til NRK.

Han syner fram bileta av det som er eit av dei største narkobeslaga i Sogn og Fjordane på svært lenge. Bileta syner nær eit kilo amfetamin, store mengder anabole steroid, MDMA-pulver og hasj. MDMA-pulver er råstoffet i det som vanlegvis blir kalla ecstasy.

Tre studentar

– Vi hadde ein aksjon mot eit miljø for tre veker sidan og gjennom den aksjonen så har det kome fram ytterlegare opplysningar. Med det som bakgrunn og i tett samarbeid med UP-etterretning gjekk vi til aksjon natt til fredag og arresterte tre personar, seier Fiske.

Dei tre som blei arresterte i aksjonen natt til fredag er studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i Førde, men kjem opphavleg frå andre stadar i landet.

– Det vi ser på som hovudmannen i saka har innrømma at han kjenner til stoffet. Han er også fengsla. Alle dei arresterte er i 20-åra, opplyser regionlensmannen.

Dopingbeslag i Førde

DOPING: I aksjonen fann politiet også ei større mengd med anabole steroid.

Foto: Politiet

Samarbeid med UP

Nyleg blei ein mann frå Sunnfjord fengsla i den same saka. Etter det NRK veit, så har fleire av dei arresterte i den siste aksjonen lagt korta på bordet. Med den siste aksjonen er over ti personar arresterte og sikta for anten bruk, oppbevaring eller sal av ulike former for narkotika.

– Vi sat med opplysningar som vi har følgd opp. Så er det godt jobba frå UP-etterretning som har kjennskap til miljøet og som har følgd opp enkeltpersonar. Dette er eit stort beslag i vår målestokk og det er så stort at det verkar til å vere rekna for ein større marknad enn Førde, meiner Fiske.

beslag av amfetamin i førde

AMFETAMIN: I aksjonen fann politiet nær ein kilo amfetamin. Dette er eit av dei største amfetaminbeslaga i Sogn og Fjordane nokon gong.

Foto: Politiet

Uroa over utviklinga

Han opplyser at dei ikkje ventar fleire pågripingar i denne saka no, og politiet meiner at dei har klart å ta ut bakmennene i eit miljø som omfattar mellom 15 og 20 personar.

– Dette er urovekkande med tanke på omfanget av beslaget. Det ser framleis ut for at det er i eit relativt avgrensa miljø. Men det ser ut for at MDMA har etablert seg, og det er vi uroa over, slår han Fiske fast.

Politiet i Sunnfjord har dei siste vekene også avdekka andre brukarmiljø i Sunnfjord. Mellom anna i Florø, der ein mann blei pågripen og fengsla, mistenkt for kjøp og sal av amfetamin.