Hopp til innhold

Her avdekka politiet omfattande cannabisproduksjon

Fire litauarar er varetektsfengsla for det politiet meiner er ein omfattande og profesjonelt drive cannabisplantasje.

Cannabisplantasje i Høyanger

PLANTASJE: Stiklingane stod tett i tett då politiet i midten av februar slo til mot bustaden i Høyanger. Politiet reknar mellom 200 og 500 plantar som ein middels stor plantasje.

Foto: Politiet

Bebuarane i huset heldt ein låg profil og gjorde ikkje stort ut av seg, og blir i lokalsamfunnet skildra som stille og rolege.

Men innanfor veggene vart det dyrka cannabis i stor stil. I midten av februar beslagla politiet minst 15 kilo som var klar for sal. Kripos analyserer no styrkegraden.

I tillegg beslagla politiet nokre hundre stiklingar som var sett i dyrking.

Politiet reknar det som ein middels stor plantasje, med eit potensial på cannabisproduksjon til 5,4 millionar kroner.

I alt er fire litauiske statsborgarar varetektsfengsla, sikta for grov narkotikakriminalitet. Ingen av dei med tilknyting til Høyanger. Tre av dei utan tilknyting til Noreg.

– Strafferamma er fengsel i ti år. Slik sett er dette ei alvorleg sak, seier politiadvokat John Lode Roscoe ved Vest politidistrikt.

Her fann politiet ein stor cannabisplantasje i Høyanger.

TIL SALS: Huset på kring 160 kvadratmeter fekk ny eigar då prisen vart redusert frå 550.000 kroner. Tre personar vart pågripne i huset. Ein mann vart pågripen på Austlandet.

Foto: Anne Lene Hansen / Ytre Sogn

Kjøpt i fjor haust

Det var informasjon frå Tollvesenet som sette politiet på sporet av plantasjen i det avsidesliggande huset i Høyanger.

Blant dei varetektsfengsla er den 62 år gamle kvinna som kjøpte oppussingsobjektet i fjor haust.

Ifølgje kvinna si forklaring såg ho føre seg fisketurar, oppussing og kanskje utleige av bustaden, som kosta 450.000 kroner.

Cannabisplantasje i Høyanger

KLART: Minimum 15 kilo cannabis var tørka og klart for levering.

Foto: Politiet

Kvinna vart pågripen i huset saman med sonen (39) og ein kamerat (40) av han. 62-åringen nektar straffskuld.

– Ho stiller seg uforståande til siktinga. Utover det har eg ingen kommentar, seier kvinna sin forsvarer, Jurgita Zajanckauskaite.

Opererte på eiga hand

Kort tid etter overtakinga starta 39-åringen med innreiing og produksjon. Politiet meiner plantasjen hadde eit profesjonelt preg. Det er den største plantasjen som er avdekka i Vestland på fleire år.

Cannabisplantasje i Høyanger

DYRKING: Den 39 år gamle sonen til huseigaren gjekk raskt i gang med plantinga etter at huskjøpet var i boks. Biletet viser morsplantane som vart nytta.

Foto: Politiet

– Det var dyrka på eit større areal av bustaden, i begge etasjar og i fleire rom. Det var gjort ein del endringar innvending for å legge til rette for dyrking, seier straffesaksansvarleg Askel Rødland.

Straumtilførselen gjekk utanfor straummålaren. Det var også montert betre ventilasjon enn i vanlege hus.

40-åringen har delvis tilstått.

– Det var gjort fullskala dyrking, og det var hausta og gjort klar for sal. Og det var sett i gang ein ny produksjon, seier Rødland.

Synne Catrin Øren

VEDGÅR: – Slik eg ser det stemmer forklaringa hans overeins med funna politiet gjorde under razziaen, seier Synne Catrin Øren, som representerer 39-åringen.

Foto: NRK

39-åringen vedgår at han var i Noreg for å dyrke cannabis, men seier han opererte plantasjen på eiga hand.

– Han skulle ikkje omsetje det sjølv, men såg på dette som ein måte å kome ut av ein vanskeleg situasjon, seier forsvarer Synne Catrin Øren.

Politiet har førebels ikkje funne bindingar til bakmenn.

Askel Rødland

ETTERFORSKA: – Plantasjen hadde eit profesjonelt preg, seier straffesaksansvarleg Askel Rødland. Han meiner plantasjen tyder på at personane bak visste kva dei dreiv med.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Svigerfar pågripen

Fire dagar før politiet slo til, vart også svigerfar til 39-åringen sikta. Dei meiner ein bil, utstyrsleveransar og betalingar knyter 58-åringen til plantasjen.

Mannen, som jobbar som tømrar på Austlandet, nektar straffskuld.

– Rollefordelingane er ein del av den totale pakken som vi framleis etterforskar. Det skal framleis gjerast avhøyr i saka, seier Rødland.

Randulf Schumann Hansen

FORSVARAR: Randulf Schumann Hansen forsvarar 59-åringen som er fengsla på Austlandet. – Min klient erkjenner ikkje straffskuld, seier han.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det er uvisst om dei pågripne er tidlegare dømde.

Fleire liknande saker

Politiet har avdekka fleire plantasjar til no i år. I Trøndelag er 11 personar sikta i det politiet meiner er ein velorganisert produksjon. I Kristiansand er tre personar sikta etter funn av 200 plantar i ein bustad.

Politiet er kjende med sakene, men ser førebels inga openberr samanheng.

– Det er framleis ein del av etterforskinga vidare, seier Rødland.

silhuett kvinne

Kvinne (62)

  • Eigar av huset.
  • Har ikkje erkjent straffskuld.
  • Kom til Høyanger få dagar før razziaen, mellom anna for å plante blomar og ordne med bankpapir.
Silhuett mann

Mann (39)

  • Pågripen i huset.
  • Har erkjent at han var i Noreg for å dyrke cannabis.
  • Son til huseigar, og svigersonen til 58-åringen.
Silhuett mann

Mann (58)

  • Tobornsfar pågripen og varetektsfengsla på Austlandet.
  • Har ikke erkjent straffskuld.
  • Har i fleire år vore tilsett i eit norsk tømrarfirma.
  • Svigerfar til mannen 39-åringen.
Silhuett mann

Mann (40)

  • Har gjeve ei tilbakehalden tilståing etter konfrontasjonar.