Hopp til innhold

– Det er viktig at hjortejegerane bidreg i forskinga

1. september startar hjortejakta. Eit høgdepunkt for mange jaktinteresserte som i år blir oppfordra til å bidra i forskningsarbeid på skrantesjuka.

Unghjort på beite

ARRANGERAR KURS: Hjortesenteret på Svanøy arrangerar blant anna slaktekurs i desse dager. Johan Trygve Solheim håpar alle jegerar utøver god etikk og moral i jaktsesongen, som dette året også byr på ei litt ekstra utfordring, skrantesjuka. Bildet over er frå Hjortesenteret.

Foto: Johan Trygve Solheim/Norsk hjortesenter

– Hjortejakta er ei viktig tid for mange. Det spesielle med denne jakta er å ta omsyn til skrantesjuka. Det må vi ta på alvor, seier Johan Trygve Solheim.

Han er dagleg leiar ved Norsk Hjortesenter i Flora kommune. Solheim fortel at mange reiser langt for å bli med på hjortejakt på Vestlandet, særlig til Hordaland og Sogn og Fjordane.

– I forhold til registrerte felte dyr er det største hjortefylket i landet Sogn og Fjordane. Her finn ein rundt 15 000 jegerar og kring 12 000 hjortar blir felt. Totalt på landsbasis er det 47 000 som seier dei går på hjortejakt, opplys Solheim.

Rundt ein halv million er registrerte i Jegerregisteret. Av desse er nesten 100 000 storviltjegerar.

Alle hjortejegerar kan bidra

– Det å bidra til meir kunnskap om hjortevilt i Norge er noko alle hjortejegerane kan gjere. Å teste eit dyr for skrantesjuke er relativt enkelt så lenge ein har riktig utstyr, fortel Solheim.

Prøveutstyr kan ein få frå Matilsynet, og prøvene skal sendast til Veterinærinstituttet i Oslo.

– Prøvetaking er noko vi driv opplæring med her. Det finnast også videoar som illustrerar korleis dette skal gjerast, som med dagens metodikk består av ei hjerneprøve frå dyret.

Han fortel at dersom prøva blir sendt på ekspress over natt, vil ein faktisk kunne ha svaret dagen etterpå. Så langt har alle testane som har blitt utført på hjort vore negative.

– Òg det er ganske mange tusen dyr som har blitt testa.

To grunnar til å bidra

Kartlegging og dokumentering til forbrukarane er to gode grunnar til å ta ei prøve, meiner Solheim.

– Mange les saker om skrantesjuka i media og kan bli skremde. Dersom jegeren til dømes skal selje noko av det som har blitt hausta, kan det dokumenterast at dyret er friskt.

Han understrekar at det ikkje er grunn til å vere redd for å ete hjortekjøt. Alle prøver til no har vore negative.

– I Amerika har dei hatt kjennskap til sjukdommen i rundt 50 år. Fleire har ete sjuke dyr som har sett friske ut. Ingen mennesker har blitt smitta.

– Skrantesjuka på villreinen i Nordfjella blei oppdaga i forbindelse med jakta i fjor. Sjukdommen finnast. I bestefall på eit svært avgrensa geografisk område. Dersom jegerane tek prøver kan kartlegginga av hjortevilt vidadreførast.

Vi kryssar fingrane for at ein ikkje finn noko.