– Det er heile tida mange som sit på benken som er gode nok til å gå inn å spela når som helst, og det trur eg kan bli avgjerande utover ein lang haust.
Det har vore ein bølgjete sesong for Sogndal. Dei starta sesongen i ein veldig medvind, før det vart ein lang periode der dei møtte mykje motgang. Men trass i berre eitt poeng på dei fem kampane før sommarpausen, er eksperten imponert over stallen.
– Sogndal har kanskje den beste stallen dei har hatt på mange år.
- LES OGSÅ:
På spelarjakt
– Det kan vera det kjem inn ein spelar eller to før overgangsvindauget stengjer, seier Håvard Flo i Sogndal Fotball.
- LES OGSÅ:
Sjølv om Navarsete meiner spelarstallen er god, hadde han ikkje rista på hovudet om Sogndal henta ein ny spelar.
– Det er kanskje behov for ein venstrekant, og spissar har ein alltid bruk for. Men kvar finn ein spissar som er garantert å scora mål? seier sogndalekspert Jon Navarsete.
Men ingenting er sikkert, for Flo seier at dei på den andre sida kan vera at dei forheld seg rolege intil vidare.
Holsæter til Hødd?
Sogndal har lenge vore på leit etter ein spiss og kant. Tidlegare denne veka sendte dei den senegalesiske spelaren Coly heim att utan kontrakttilbod. Han vart skada nokre minutt inn i si fyrste trening, og fekk soleis ikkje synt seg ordentleg fram for Jonas Olsson og kompani.
- LES OGSÅ:
Dei hadde også ein dansk 19-åring på prøvespel i tre dagar. Mads Hvilsom spelar på FC Midtjylland, og var ein snarvisitt til Sogndal fordi den danske klubben ynskjer å låna han ut for at han skal få meir speletid.
Sogn Avis skreiv i dag at Ruben Holsæter er aktuell for utlån til 1.divisjonsklubben Hødd. Dermed blir det endå ein spelar mindre i den allereie ikkje alt for breie spelarstallen.
Stene linka til Sogndal
Adresseavisa har linka Ranheim sin toppscorar Robert Stene til fleire eliteserieklubbar, blant anna Sogndal. Flo vil ikkje sei noko konkret, men seier at Stene er ein av fleire spelarar dei har snakka om.
– Han er ein bra spelar som me har snakka om, utan at det har vore nokon konkrete samtaler mellom oss og Ranheim. Trond Fylling (speidar red. anm.) har kanskje snakka med Ranheim og spelaren, men det er ingen klubb-til-klubb-samtalar, seier Flo.
- LES OGSÅ:
Brødrene Stefan og Peter Aase kjem tilbake den fyrste august, etter at dei har vore i Florø det siste halve året. Dei gjekk tilbake til moderklubben fordi dei ynskte meir speletid. Der har dei gjort sakene sine godt i fjerdedivisjon, og var blant anna sterkt delaktige til å sende Sogndal ut av cupen i fyrste runde.
– Dei gler seg og er motiverte for å koma attende. Dei er spanande spelarar, og me gler oss til dei kjem, seier Flo.
- LES OGSÅ:
I dialog med Udjus
Men overgangsvindauget betyr også at spelarar kan forsvinna. Sogndal si solide sisteskanse Kenneth Udjus sin kontrakt går ut etter denne sesongen. Difor må Sogndal selga i løpet av august eller skriva ny kontrakt i løpet av hausten. Viss ikkje kan sørlendingen gå gratis til andre klubbar.
– Me har ein løpande dialog med han allereie. Han har gjort det bra, men det er ingen konkrete klubbar som er interesserte, so vidt me kjenner til. Me har sjølvsagt lyst at han skal bli verande, seier Flo.