Hopp til innhold

Sogndal jaktar angriparar

Sogndal er på jakt etter angriparar. Etter planen skal fleire afrikanarar prøvespela for eliteserieklubben i løpet av sommaren.

Jonas Olsson, Terje Skjeldestad og Håvard Flo

VIL HA FORSTERKNINGAR: Trenarteamet til Sogndal. F.v. Jonas Olsson, Terje Skjeldestad og Håvard Flo.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Det er usikkert kor mange som kjem, avhengig av logistikk og deira klubbforhold og slikt, seier spelarutviklar i Sogndal fotball, Håvard Flo.

Sogndal fekk ein kanonstart på årets sesong, der dei skora ni mål på dei fyrste seks kampane. Men etter cuptapet for Florø har det gått nedover. Sidan det har dei berre skora fire mål på dei sju kampane dei har spelt sidan dei flaue tapet mot 3. divisjonslaget.

Håvard Flo

INGENTING ER SPIKRA: Spelarutviklar Håvard Flo seier ingenting er spikra rundt prøvespelet til afrikanarane.

Foto: Rune Fossum / NRK

No jaktar dei fleire målskorarar.

– Me sjekkar kva som er tilgjengeleg av offensive spelarar. Dei forsterkningane me ser etter er på kantplass og spissplass, seier Flo.

– Det er litt usikkert når dei kjem, men det er ikkje spikra noko eksakt tidspunkt i løpet av sommaren, seier han.

Alex dukka aldri opp...

Alexander Ødegaard etter å ha skåra 3-0-målet mot Slovenia i 2004.

TRENAR ONSDAG: Alexander Ødegaard.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Alexander Ødegaard skulle også trene med Sogndal onsdag, men då trenina starta var sunnfjordingen ikkje å sjå.

– Han kom frå frankrike i tysdag kveld. Eg snakka med han i ettermiddag, og han trenar med oss i morgon tidleg, seier Flo.

Ødegaard spelte for Sogndal frå 1999 til 2004, fekk 125 kampar og skåra 45 mål. Han vart laget sin toppskårar med 15 mål i 2004-sesongen då han også fekk Kniksenprisen og spelte seg inn på landslaget.

Same år gjekk han til Rosenborg for 11 millionar kroner, og karrieren sidan har vore prega av opp- og nedturar.

Etter fire år i Viking gjekk han til franske Metz som no spelar på nivå tre. Der hamna han etter kvart utanfor laget og har spelt lite i det siste. Ødegaard kjøpte seg nyleg hus i Jølster, og er innstilt på å flytte til Sunnfjord denne hausten - uansett om han får kontrakt med Sogndal eller ikkje.

– Han har hatt mykje å styre med i Frankrike i det siste, so det er bra at han roar litt ned, seier Flo.

Mecimovic klar

Jasmin Mecimovic blir skadd. Ørjan Hopen til høgre.

BLEI SKADD: Jasmin Mecimovic i kampen mot Hønefoss.

Foto: Ole André Rekkedal

Bakover på bana byrjar Jasmin Mecimovic å bli klar att. Midtstopparen braut foten i kampen mot Hønefoss i april, men er tilbake på benken. I helga spelte han då Sogndal 2 banka Veitastrond 10-0 i 4. divisjon.

– No trenar han bra, men det vil nok ta ei lita stund før han kjem heilt inn i det att, seier Flo.

Men kontrakten til 21-åringen går ut ved nyttår.

– Me har ikkje teke stilling til kva me skal gjera etter det. I utgangspunktet er det ut året, so får me sjå det an i forhold til korleis våre prioriteringar blir framover med stallen. Me har ikkje teinkt noko på det enno, seier Flo.