Hopp til innhold

Bolseth tilbake i Sogndal

Rune« Bolli» Bolseth er klar for Sogndal igjen. Han har underteikna ei toårskontrakt frå årsskiftet.

Peter Orry Larsen og Rune Bolseth

RETURNERER: Rune Bolseth er no klar for Sogndal igjen. Her iført drakta til Hønefoss, i duell med Peter Orry Larsen på Aalesund.

Foto: Daniel Sannum Lauten / NTB scanpix

32-åringen er frå Gloppen og har tidlegare spelt i Sogndal. Frå 2010 har han vore på midtbanen til Hønefoss.

Rune Bolseth kom til Sogndal som 18-åring i 1999 for å erstatte Eirik Bakke på midtbana. Han var svært sentral i laget som rykka opp i 2000, og ein av klubben sine beste spelarar i åra som følgde i eliteserien. Etter 2009-sesongen valde han å gå til Hønefoss.

Blir ei viktig brikke

Sogndal Fotball er glade for avtalen med Bolseth og seier at det er ein betydeleg ressurs som har vendt heim.

Spelarutviklar Håvard Flo tykkjer det er både viktig og kjekt å få Bolseth tilbake i klubben.

– Bolseth har vore ei viktig brikke i Hønefoss dei åra han har vore der. Eg er overbevist om at han kan gjere ein kjempejobb for oss. Han kjem tilbake fordi det å spele i Sogndal triggar han og fordi han har familie her, seier Flo til NRK.no.

Rune Bolseth har kontrakt med Hønefoss ut året og Sogndal har sikra seg han frå årsskiftet.

– Du kan vel seie vi har kapra han. Han har vore ein profilert spelar i Hønefoss og miljøet der vil vel sakne han.

Gir mykje av seg sjølv

Håvard Flo seier Bolseth er ein som gir mykje av seg sjølv og som kan vere ein læremeister for dei yngre spelarane på laget.

– Er det ein midtbanespelar Sogndal treng mest?

– Vi treng midtbanespelarar i forhold til at Henrik Furebotn vil reise vidare. Vi treng også påfyll i og med at spelarar kjem og går. At Rune inntek rolla på midtbana, har vi behov for.