Hopp til innhold

Sogndal Fotball lovar 50 000 til dei som lagar best stemning

Saman med sponsorar skal Sogndal Fotball dele ut 50 000 kroner til den skuleklassen eller organisasjonen som skapar mest liv på tribunen under den avgjerande kvalifiseringskampen mot Ranheim, onsdag.

Leedssupportarar på Sogndalkamp

SPANANDE: Kanskje blir det like godt stemning som då desse Leedssupportarane var på Sogndalskamp i haust.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

Alt dreiar seg om å få fylla tribunen og laga best mogleg stemning på tribunen, så det blir kjekt å vera der både for dei som ser på og dei som spelar, seier Svein Olav Haugen i Sogndal Fotball.

Dei deler ut gratis billettar til alle skulane i Luster og Sogndal.

– Me ha sponsa skulane ved hjelp av sponsorar i kommunane deira. Me har også sendt nokre billettar til Balestrand og Firda VGS, så også dei skal vera med å kjempa om pengepremien.

Forventar 4000

Sogndal får ein ekstra sjanse til å halde seg i eliteserien, og møter Ranheim over to kampar, etter at dei berga kvalikplassen etter ein nervepirrande kamp mot Vålerenga, søndag.

Haugen forventar godt oppmøte og stor stemning under morgondagen sin kamp.

– Dei siste to kampane har det vore kring 3500 frammøtte. No vil me prøva å toppa det, og det ser ut til at me skal greie også.

Personleg er han er spent før kampen.

Svein Olav Haugen

KLAR: Svein Olav Haugen i Sogndal Fotball forventar minst 4000 på kamp etter at laget og sponsorar har delt ut mange gratis billettar.

– Det betyr veldig mykje for oss å berga plassen, og det er viktig både for klubben og Sogndal som bygd.

God stemning

Han presisterar at det ikkje handlar om volum og tal på personar når skuleklassar og organisasjonar møter opp på tribunen for å heie.

– Her blir det teke høgde for kven som blir lagt merke til. Ei lita gruppe på gjere like mykje som 70 saftkokarar. Det handlar om lyd og aktivitet frå tribunen, og eg veit om skular som er godt i gang med å lage slagord. Stemninga på tribunen blir det aller viktigaste, understrekar Haugen.

Kva skule eller organisasjon som vinn 50 000 kroner blir kåra av ordføraren i Sogndal og ordføraren frå ein av nabokommunane.