200 personar er råka av nettsvindel

Politiet går no ut med ei kraftig åtvaring etter at nettbankkundar har blitt svindla for over 17 millionar kroner den siste tida.

Svindel

NETTBANK: Ny svindelmetode tappar kontoen til bankkundar gjennom BankID.

Foto: POLITIET

Nettbankkundar i alderen frå 20 til 90 år har blitt lurte av svindlarar som gir seg ut for å vere frå norske eller utanlandske bankar på telefonen. Vest politidistrikt omtalar svindelen som utspekulert.

– Alle har oppfordra kundane til å nytte BankID til verifisering, skriv politiet sin nettpatrulje i Vest på Facebook.

Nettbankkundane blir vist vidare til fiktive nettstadar som bruker informasjonen til å tappe kontoen.

– Pengane vert overført til mellommenn og vidare omsett til kryptovaluta, skriv nettpatruljen.

Politiet har den siste tida fått inn over 50 meldingar frå folk som har blitt svindla for til saman over 17 millionar kroner.

– Nordmenn er litt naive

Teknologidirektør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Reiel Haugland, seier det blir meir av denne typen svindel.

– Vi ser ein auke år for år. Når kontantsamfunnet forsvinn, så flyttar dei kriminelle seg over til nye måtar for å lure til seg pengar på.

Reiel har klare råd til nettbankkundane.

– Nordmenn er litt naive. Det er ikkje alltid at vi tenker oss om. Det er viktig å sjekke at nettadressa er trygg og kjent, seier han.

Sparebanken Sogn og Fjordane har førebels ikkje fått meldingar om at nokon av kundane til banken er råka av svindel.