Hopp til innhold

200 millionar i kostnadssmell for utbygging

FØRDE (NRK): Utbygginga av Førde sjukehus går på ein kostnadssmell på om lag 200 millionar kroner. No må Helse Førde justere utbygginga som kan verte forseinka.

Arve Varden og Agnes Landstad

STYRER HELSE FØRDE: Administrerande direktør Arve Varden og styreleiar Agnes Landstad.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Helse Førde skal bygge ut sjukehuset i Førde for 1,5 milliard kroner. Detaljplanlegginga er i gang, og no syner utfordringane seg:

  • Kostnadsvurderingane ligg 200 millionar kroner over det ein har sett føre seg.
  • Uavklara driftsmodell for framtidig akuttmottak kan seinke framdrifta slik at tidsplanen ikkje kan haldast.

– Vi er i eit forprosjekt der vi skal finne løysingar og bli trygge på kostnadane, i den fasen vi er i no er dette ein naturleg del av prosessen, seier prosjektdirektør for nye Førde sjukehus, Kjell Inge Solhaug.

Kjell Solhaug

MÅ FINNE LØYSINGAR: Kjell Inge Solhaug seier at dei nye kostnadsvurderingane er ein naturleg del av eit stort utbyggingsprosjekt.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

For å ta ned kostnadane og sikre framdrifta vurderer Helse Førde å ikkje flytte intensiv og tung overvaking til nybygget, men heller utvide der dei er i dag.

Planen har vore å auke talet plassar innan intensiv overvaking og pre/postoperative plassar frå 22 til 41.

– Dette står fram som ei svært stor auke og vi ser derfor på ein reduksjon, seier Solhaug.

Fryktar ikkje eit dårlege bygg

Kjell Inge Solhaug avviser at innsparingane vil bety eit bygg som ikkje blir så bra som det bør bli:

Nye Førde sjukehus

UTBYGGING: Utbygginga av Førde sjukehus skal koste 1,5 milliard kroner.

Foto: Helse Førde

– Eg trur vi kan vere på veg mot løysingar som vil forbetre prosjektet. Det skal vere mogleg å skape eit godt bygg for alle.

Solhaug legg ikkje skjul på at utbygginga er komplisert:

– Vi slit og kjempar med kostnadsestimatet heile tida. Det er mange ynskjer og vi strekk oss så langt som råd, seier Solhaug.

Styret vil ha kontroll

Under styremøtet i Helse Førde torsdag, fekk leiinga sterke signal om at styret vil ha kontroll med utbygginga. Framover skal Helse Førde finne måtar å ta ned kostnadane på.

Reidar Sandal

TETT PÅ: Styremedlem Reidar Sandal i Helse Førde.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Når vi ser korleis det går med byggeprosjektet på Stortinget, er det all grunn til å ta byggherreansvaret på alvor, sa styremedlem Reidar Sandal.

Styreleiar Agnes Landstad seier ho ikkje er bekymra:

– Styret ynskjer å følgje bygginga tett, administrasjonen må halde kostnadsramma og det er krevjande. seier Landstad.

Kor trygg er du på at dette går innan 1,5 mrd.?

– Eg meiner vi skal få til å halde kostnadsramma. Vi skal bygge for framtida, derfor må vi bygge eit fleksibelt bygg som kan tilpassast etter kvart som tidene endrar seg.

Psykiatrien kjem fyrst

Den fyrste delen av utbygginga er nytt bygg for psykisk helsevern. Byggestart er planlagt i 2019.

Utbygginga ved Førde sentralsjukehus skal skje i fleire etappar. Planen er at alt skal stå ferdig i 2028.

Mellom anna skal både lågblokka og høgblokka byggast om. Pasientane skal få einerom.

– Opphavleg skulle vi kome i gang i 2018, og vere ferdige i 2025, førebels ser det ut som at vi fyrst er ferdig i 2028. Dette handlar om å praktisk klare å bygge om eit sjukehus som er i drift, seier Solhaug.