Hopp til innhold

Regjeringa blar opp for Førde sentralsjukehus

FØRDE (NRK): Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel frå Høgre avslørte på ein pressekonferanse i dag at regjeringa løyver 1,125 milliardar kroner til Førde sentralsjukehus i årets statsbudjsett.

Sentralsjukehuset i Førde

TRENG OPPRUSTING: Førde sentralsjukehus på Vie i Førde er frå 1979, og treng sårt ein opprusting

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Eg er sjølv ein jamleg brukar av sjukehuset i Førde, og eg ser at det er heilt naudsynt at det no vert tatt nokre grep. Det sa Lødemel då han la fram nyheita om opprustinga i dag.

Sjukehuset er frå 1979, og det ber fleire stadar preg av å vere så gammalt. No får heile bygget ei skikkeleg opprusting, samstundes som det også skal byggjast ut.

Les også: Helse Førde byggjer ut for 145 millionar

Bjørn Lødemel på pressekonferanse

NØGD: Bjørn Lødemel var glad og fornøgd då han la fram løyvingane i årets statsbudsjett

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Heilt ny del for psykisk helsevern

Alt som har med psykisk helsevern skal plasserast i eit nytt bygg som skal liggje på dagens sjukehusområde. Det vil innehalde barne- og ungdomspsykiatri, ny poliklinikk, nye døgntilbod og betre tilhøve for akuttpsykiatrien.

I dag leiger Helse Førde fleire lokale i Førde sentrum, og nybygginga vil bety at alt vert samla på sjukehusområdet på Vie.

Utbygginga vil gå føre seg frå neste år, og fram til 2025. Planen for utbygginga er allereie vedteken av styret i Helse Vest.

Har jobba mykje for dette

Bjørn Lødemel seier at han er veldig glad for å ha fått gjennomslag for opprustinga i regjeringa.

– Eg har hatt ein tett dialog med statsråd Bent Høie om viktige prosjekt i Sogn og Fjordane, og Førde sentralsjukehus har vi jobba med lenge. Vi har pressa på for å få det inn i statsbudsjett.

– Den gladaste telefonen eg har fått på fleire år

Administrerande direktør i Helse Førde Jon Bolstad fekk sjølv beskjeden om regjeringa sine planar for eit par dagar sidan, og han var strålande fornøgd då Bjørn Lødemel la fram nyheitene.

– Dette er heilt suverent, det er ei veldig god nyheit. Vi har jobba for dette i fleire år no, så vi er veldig glade for at regjeringa no leverer.

Store delar av sjukehuset er verna av Riksantikvaren, men Bolstad trur ikkje det vil by på store problem under opprustinga.

– Vi tenkjer at det er bra at sjukehuset er verna, det er fordi det er eit godt bygg med mange gode kvalitetar. Vi har ein god dialog med Riksantikvaren, og trur vernet skal gå ut over den oppgradering vi no skal i gang med.