– Eg tykkjer det er skikkeleg urettferdig, seier Tennøe Bekkhus.
Sekstenåringen frå Moss er ein av mange som har lenka seg fast til anleggsmaskinene på Engebøfjellet dei siste vekene. Målet var å hindre Nordic Mining i å prøvebore etter mineralet rutil.
- Les også:
No kan det vise seg at demonstrasjonane har vore så vellukka at Nordic Mining har gått på store tap. I utgangspunktet skulle det ta om lag åtte veker å undersøkje fjellet for rutil, men ifølgje direktør Ivar Fossum har dei vorte kraftig forseinka.
Forsøkjer å dekkje inn tapa
For å dekkje inn tapa går Nordic Mining til private søksmål mot kvar enkelt demonstrant som har lenka seg fast.
- Les også:
Bekkhus reagerer sterkt på at ho kan måtte vere med på å erstatte tapa til utbyggjaren på Engebøfjellet.
– Eg er rett og slett forbanna på Nordic Mining, det er jo dei som planlegg alvorleg miljøkriminalitet. Dei fleste av demonstrantane er studentar og unge folk som ikkje har god råd. Det er direkte upassande at eit styrtrikt selskap ifrå Aker Brygge skal saksøkje så unge menneske, seier Tennøe Bekkhus.
Sjølv om det kjem som eit sjokk at ho vert saksøkt, angrar ho ikkje på at ho tok turen til Vevring og Førdefjorden.
– For denne saka er eg villig til å gå så langt som eg må.
- Les også:
– Dette skulle ho ha tenkt over før
Direktør i Nordic Mining Ivar Fossum har ingen sympati med Bekkhus
– Dette skulle ho ha tenkt over før ho bestemte seg for å forstyrre arbeidet vårt. Desse demonstrasjonane har ført til tap i millionklassen for oss, og no går vi til søksmål for å forsøke å dekkje inn desse tapa.