Hopp til innhold

Har fått bøter for 800.000 kroner

Søndag klokka 17 avsluttar naturvernarane den sivile ulydnaden på Engebøfjellet i Naustdal, for denne gong. Med seg har dei fått 80 bøter på 10.000 kroner kvar.

Fredag avviste regjerina klagen på løyvet til å dumpe gruveavall i Førdefjorden. Laurdag var det fulll mobilisering blant miljøvernarane.

SJÅ TV-REPORTASJE: NRK Lørdagsrevyen sin reportasje frå markeringa på Engebøfjellet laurdag.

– Nokre har vedtatt bøtene, men dei fleste inkludert meg sjølv har ikkje godtatt dei, seier leiar Ingrid Skjoldvær i Natur og Ungdom.

Ho har blitt fjerna av politiet to gonger, og skuldar dermed statskassen 20.000 kroner.

Natur og ungdom i Engebøfjellet

– KJEM TILBAKE: Natur og Ungdom-leiar Ingrid Skjoldvær seier dei på ingen måte gir opp kampen, sjølv om dei no tek ein pause i lenke-aksjonane i Naustdal.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Om lag 100 personar har aksjonert. 80 har fått bøter. Sju har blitt tekne fleire gonger, opplyser Skjoldvær.

Aksjonistar på Engebøfjellet

LENKA SEG FAST: Line Hatland (t.v.), Tore Gjelsvik og dottera Astrid Bjørkedal Gjelsvik var blant aksjonistane som laurdag ettermiddag lenka seg fast på Engebøfjellet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Regjeringa avviste klage

Fredag avviste regjeringa ved Kongen i statsråd klaga frå fleire miljøorganisasjonar på løyvet å dumpe gruveavfall i Førdefjorden. Det skjedde etter at demonstrantar i tre veker har lenka seg fast i protest mot prøveboring i fjellet der mineralet rutil skal vinnast ut.

Laurdag svara demonstrantane med si til no største mobilisering. Eit sekstitals personar gjekk til fots opp på Engebøfjellet der det for tida blir gjort prøveboring. Mens dei fleste etter ei kort markering gjekk ned att, lenka seks personar seg fast for å, på skift, påføre gruveselskapet Nordic Mining ein 24 timars blokade. Aksjonen blir den siste i denne omgang.

Førdefjorden ved Vevring

STRIDENS KJERNE: Skal ein få deponere overskotsmasse frå gruvedrift på botnen av Førdefjorden? Regjeringa sa ja i april i fjor, og avviste fredag klaga på vedtaket.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ny politiaksjon i helga

– Seks aktivistar vart borne vekk i går kveld. Det sat aktivistar der i natt også. Vi kjem truleg til å ta oss ein tur i dag også, opplyser operasjonsleiar Inge Værøy ved Vest politidistrikt sin operasjonssentral i Sogn og Fjordane.

Påtalemakta har tidlegare gjort det klart at dei mange som ikkje aksepterer bøtene, truleg vil bli tiltala i ei samla, større rettssak for å spare domstolane for meirarbeid. I tillegg har gruveselskapet Nordic Mining og dotterselskapet Nordic Rutil gjort det klart at dei vurderer søksmål mot aksjonistane som har hindra prøveboring.

Folkemøte mot Fjorddeponi, Vevring 20.02.16

FULLT HUS: Arrangøren Vevring og Førdefjorden miljøgruppe og Natur og Ungdom gjekk tom for stolar då dei laurdag ettermiddag heldt ope hus på Vevring skule.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Fleire hundre møtte opp

I tillegg markeringa oppe på Engebøfjellet, var fleire hundre personar samla til aksjonsfest ved Vevring skule laurdag ettermiddag.

– Det var ikkje nok sitjeplassar på skulen. Det var eit fantastisk bra oppmøte. Det er fint å sjå at så mange stiller opp for denne saka. At det kom folk i alle aldrar viser at dette er ei sak som engasjerer, seier NU-leiaren.

Skjoldvær avviser at slaget om Førdefjorden no er tapt, sjølv om Kongen i statsråd var siste ankeinstans i Norge. Mellom anna ligg ein klage på vent hos den europeiske ESA-domstolen. Når det eventuelt blir aktuelt å igjen lenke seg fast i Sunnfjord, er enno uvisst.

– Vi får sjå. Vi kjem til å vere til stades på andre måtar enn å aksjonere. Vi vil ha tett kontakt med Vevring og Førdefjorden miljøgruppe. I tillegg skal jobbe vidare nasjonalt for å skaffe merksemd om og mot desse planane, seier Ingrid Skjoldvær.