Nordic Mining har fått nok og set opp gjerde

Fire ny aksjonistar vart laurdag henta ned frå Engebøfjellet i Naustdal.

Aksjonistane i Vevring

GIR SEG IKKJE: Aksjonistane frå Natur og Ungdom har heldt på med aksjonar på Engebøfjellet heile denne veka (biletet er frå aksjonen fredag), og har varsla at dei vil halde fram.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Men snart kan det bli hakket meir krevjande for aksjonistane frå Natur og Ungdom å ta seg inn på anleggsområdet på fjellet.

Nordic Mining begynte denne veka prøveboring etter rutil, men har gong på gong blitt stogga i arbeidet av aksjonistar som meiner gruveprosjektet er miljømessig uforsvarleg.

Vil sikre området

Utforskingsleiar i Nordic Mining, Mona Schanche, stadfestar at dei har fått frakta inn anleggsgjerde som skal setjast opp så snart dei har ressursar til det.

– Vi har diskutert det saman med dei som borer, samt politiet. Det er store, tunge maskiner i området og av tryggleiksårsaker meiner vi det er fornuftig å setje opp gjerde, seier ho.

Mona Schanche, utforskingsleiar Nordic Mining

LEI: Utforskingsleiar Mona Schanche i Nordic Mining.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Handlar det ikkje også om å halde aksjonistane unna?

– Om dei vil komme seg over så klarar dei nok det også, men då har vi betre moglegheit for å halde kontroll med kven som kjem og går, seier Scanche.

Slike gjerde er vanlege å bruke på anlegg der det er mykje gjennomfartstrafikk. Det har det blitt på Engebøfjellet den siste veka.

Ny aksjon laurdag

Operasjonsleiar for politiet, Bengt Næss, stadfestar at fire nye aksjonistar hadde lenka seg fast til maskinene laurdag. Politiet fekk melding i 14-tida og klokka 16.30 var lenkene klipt og aksjonistane på veg til Førde lensmannskontor for reaksjonar.

Aksjonistane får 10.000 kroner i bot og opphalds- og ferdselsforbod i området rundt anlegget, men fleire har allereie brote forbodet.

– Det er nok lurt å setje opp gjerde, og eg veit det har vore ein dialog med politiet om dette. Men eg trur at om dei vil inn så klarar dei det, seier Næss.

Har fått nok

Schanche seier dei mange aksjonane har vore frustrerande for arbeidarane på fjellet som stadig har blitt avbrotne i arbeidet sitt.

– Det begynner å bli ein situasjon som ikkje er positiv for nokon. Dei har fått fram synet sitt og fått mykje merksemd. No er det kanskje på tide å late oss halde fram arbeidet.

Men Natur og Ungdom vil ikkje gi seg.

– Vi har sett at dei har flytta gjerdet opp på fjellet, men det er ikkje sett opp enno. Det viser berre at dei må bruke hardare midlar for å halde oss unna. Men det kjem uansett ikkje hindre oss i å stogge arbeidet, seier første nestleiar i Natur og Ungdom, Gaute Eiterjord.

For JA-ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger blei det dagen-derpå, etter at folket sa nei til storkommune i Sogn.
Konkurransetilsynet set foten ned for salet av éin ferjegigant til ein annan. Dei fryktar eit dyrare ferjetilbod om Torghatten får kjøpe opp Fjord1.
Bunadsekspert Bjørg Hovland meiner vi må vere meir opne for å ha ulik bunad, sjølv om den stammar frå same stad.