Hopp til innhold

Norsk bedrift skal lage millionar av draktmerke til Premier League

Alle draktmerke til Premier League skal frå neste sesong produserast i Gaupne i Sogn og Fjordane. Dei ventar å lage mellom 15 og 20 millionar merke kvart år.

Britain Soccer Premier League

SALAH MED NORSKE MERKER: Drakta til Liverpool-stjerna Salah og alle andre drakter i Premier League skal no pregast med tal og bokstavar frå Indre Sogn.

Foto: Barrington Coombs / AP

– Namnet og nummeret hans, 11 og M.SALAH. Det blir eit godt synleg produkt i løpet av ei TV-sending kvar helg, seier Tom Dyrdal, dagleg leiar i Avery Dennison NTP.

Liverpool sin Mohamed Salah blir ein av veldig mange spelarar som skal ikle seg drakter med trykk frå selskapet i Indre Sogn. Dei har sikra seg kontrakten med Premier League frå og med 2019/2020-sesongen og tre sesongar fram.

Laster Twitter-innhold

Det betyr at hundretals millionar av sjåarar over heile verda kjem til å sjå Gaupne-produktet kvar einaste helg.

Barcelona, Red Bull og Lamborghini har vore blant kundane dei allereie har produsert trykk til.

Seks år langt prosjekt

Kontrakten omfattar ikkje berre spelarane sine drakter, men òg alle draktene som supporterane rundt omkring i verda kjøper. Berre Manchester United sel to millionar drakter kvart år.

– Det er den største fotballkontrakten som det går an å få tak i, og me har hatt augo på han i minst seks år, seier Dyrdal.

Dei har kjempa kvar gong kontrakten har vore oppe til fornying, men har ikkje nådd heilt opp.

– Men i 2018 har me endeleg teke steget opp til å bli best på fotballdrakter, seier Dyrdal.

Den dagleg leiaren i Premier League, Richard Masters, var den dei måtte overtyde.

– Me er særs imponerte av dei gjennom heile prosessen, og me ser fram mot å jobbe med dei gjennom dei tre åra, seier Masters i ein promo-video etter at avtalen var i boks.

Berekraftig produksjon

Han meiner dei har fått kontrakten mellom anna fordi dei satsar på ein meir berekraftig produksjon enn konkurrentane. Dei satsar på eit vassbasert produkt, ikkje løysemiddelbasert. Produksjonen må opp, men ikkje i Gaupne førebels.

– Noko av det må produserast i søsterselskap i konsernet. Kontrakten er så stor at vi hadde blitt nøydde til å doble produksjonen i Gaupne. Det er ikkje teknisk sett mogleg, seier han.

Kontrakten fører til at Avery Dennison NTP må auke arbeidskrafta.

– Vi tilset folk, både i administrasjonen og i produksjonen. Det er veldig stor aktivitet for å klare å betene dei 20 klubbane i England og dei tusenvis av butikkane som skal selje drakter verda rundt.