Produserer draktmerke til fotball-VM

Norge kom aldri til fotball-VM i sommar – med eitt lite unntak. I Luster i Sogn ligg nemleg bedrifta som skal produsera FIFA-merket som skal på alle draktene i turneringa. Og dei er ikkje ukjende med toppfotball-lag.

Tom Dyrdal, dagleg leiar i Avery Denison NTP

FOTBALL-VM: Dagleg leiar Tom Dyrdal i Avery Denison NTP i Gaupne står truleg for det einaste norske innslaget i fotball-VM.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Her har vi merke til FIFA som alle dommarane skal og som skal vere på alle draktene, seier Tom Dyrdal.

Dyrdal er dagleg leiar i verksemda Avery Denison NTP og viser stolt fram det truleg er det einaste norske bidraget i årets fotball-VM.

– Eg er redd for det. Eg trur vi verken har dommarar eller spelarar som skal dit i år, seier Dyrdal.

Dei er alle blitt laga her, hjå tekstilmerke-produsenten NTP i Gaupne, inst i Sognefjorden. Merke til dei minste, lokale skihoppklubbane, til TV-serien Heimebane og til gigantar som Red Bull, Lamborghini og Barcelona.

– Alle veit kven Barcelona er. Dersom du kan gå til ein kunde og seie at du leverer til United, Barcelona og Liverpool så få du med ein gong litt merksemd, seier Dyrdal.

Internasjonale kundar

Med lansering av nye drakter til fotballklubbar verda rundt, går maskinene både lange kveldstimar og raude dagar for å nå over alt. Berre til Barcelona leverer dei fleire millionar merker.

– Største volumet som til Barcelona vil gå på slike rullar, seier Dyrdal og peikar ei diger maskin.

Der er nye draktnummer og namnemerke til den spanske storklubben i ferd med å bli produserte

– Ikkje for «disse» Liverpool altså, men merka til litt mindre klubbar kan gå på manuelle maskiner ler Dyrdal, og peikar mot ein annan ende av produksjonslokala.

Avery Denison NTP i Gaupne

TIL HEILE VERDA: Avery Denison NTP har mange internasjonale storklubbar på kundelista.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Satsar stort

Manchester United-supporteren er sjef for ein fabrikk som dei siste ni åra har dobla omsetnaden sin. NTP er ein del av gigantselskapet Avery Dennison, med fabrikkar over heile verda. I år investerer dei for mellom 40 og 60 millionar kroner i Gaupne.

FIFA-merke produsert i Gaupne

PRODUSERTE I GAUPNE: Desse merka skal på alle dommar- og spelardrakter i fotball-VM.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Vi ser at vi kan få meir produksjon, men samstundes ha om lag same tal tilsette. All honnør til dei tilsette som har bretta opp ermene og synt at vi har ei framtid i Gaupne, seier Dyrdal.

Om tre veker startar VM – med eit lite innslag Gaupne.

– Vi føler at vi er litt med då, sjølv om vi berre er ei lita brikke i spelet, seier Dyrdal.