NRK Meny
Normal

«Velviljen til kystvegen vil forvitre»

Kystvegforkjempar vil legge ned Førde og Sandane lufthamn for å få betre vegar til Florø. No er Førde-ordføraren provosert.

Olve Grotle

LEI: Førde-ordførar Olve Grotle er lei av kystvegforkjemparar som vil ofre andre samferdsleprosjekt for sin eigen veg langs kysten. Han meiner dei har gått vekk frå tidlegare strategiar, og no vil øydelegge for andre.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Eg er redd for at velviljen til kystvegen vil forvitre dersom det skal finansierast gjennom nedlegging av andre samferdsletilbod her i fylket. Eg vil åtvare mot denne strategien, som eg no tydlegare og tydlegare ser at ein har i Florø, seier ordførar i Førde, Olve Grotle (H).

Avinor vurderer å tilrå nedlegging av ein eller to flyplassar i fylket, og no kan semja om flyplasstruktur her i fylket ryke.

For partifellen til Grotle, høgrepolitikar Bjørn Hollevik frå Florø, meiner ein kan legge ned flyplassar for å skaffe pengar til dømes til Kystvegen Florø-Måløy.

– Førde og Sandane ligg utsett til

Bjørn Hollevik

OFRE: Bjørn Hollevik (H) vil ofre flyplassar for betre vegar, og meiner Førde lufthamn Bringeland ligg usett til.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Hollevik ynskjer ein flyplassdiskusjon. Målet er å få byta ut flyplassane med nye vegar, som til dømes Kystvegen nord og sør for Florø. Hollevik seier han ikkje vil legge ned flyplassar før betre vegar er på plass, men meiner ein alt no kan utnytte flyplassaka til å skaffe pengar til betre vegar.

– Eg håpar at vi ikkje låser oss i måten å tenke flyplassar på. I dag er det ikkje eit godt nok samferdsletilbod til å gjere noko med strukturen. Men kan vi i framtida greie å få fram vegprosjekt som gjer områda der folk bur og arbeidar større, kan vi byte flyplassar for betre vegsamband.

Hollevik hevdar mange i fylket vil vere samd i det, og nemner fleire konkrete vegar. Kystvegen, ein midtveg mellom Gloppen og Storebu, vegen på nordsida av Sognefjorden, og kystvegen sør for Florø.

Hollevik meiner at med slike nye vegar er det naturlege at Sandane og Førde lufthamn Bringeland blir lagt ned, og at passasjerane då brukar Florø eller Sogndal.

– Det er heilt klart at dei to flyplassane ligg utsett til, seier han.

Går i strupen på kystvegforkjemparane

Førde-ordførar Olve Grotle frå Høgre seier han er lei av at kystvegforkjemparane stadig vil legge ned andre sine samferdsletilbod for å finansiere sitt eige hjartebarn.

– I utgangspunktet har kystvegentusiastane heile tida sagt at dette ikkje skal gå ut over E39 eller andre ting. Dette skulle vere finansiert av fylkesmidlar. Etter kvart har vi sett at det ikkje er tilfelle.

Grotle går i strupen på kystvegforkjemparane, og seier dei er i ferd med å bruke opp all politisk velvilje. Grotle spør seg om det er slik at ein skal oppnå Kystvegen gjennom å øydelegge for andre.

– Vi ser no fleire stader at ein ønsker å skaffe seg finansiering frå andre plassar. Det er omlegging av E39, kryssing av Sognefjorden, nedlegging av flyplassar. Det er ein farleg strategi, og heilt på tvers av det som heile tida har vorte sagt av kystvegtilhengarane, seier Grotle.

– Dårlege og ikkje gjennomførbare idear

Den siste tida har politikarar og næringslivsfolk på kysten teke til orde for å kutte i fleire samferdsletilbod kring om i fylket for å kjempe fram sitt hjartebarn. Det gjeld flytting av E39-traseen frå Lavik-Oppedal til Solund.

Florø-politikar Frank Willy Djuvik frå Frp har også vore open på at han motarbeider den bompengefinansierte Førdepakken meiner Grotle.

Tidlegare har også kystvegforkjemparane arbeidd for å legge ned ferjesambandet Stårheim-Isane for å bruke ferjemidlar på kystveg lenger ute.

I E39 striden gjekk politikarar på kysten tungt inn for indre løysing fordi det skulle auke sjansane for Kystveg.

No kjem altså flyplassane i Gloppen og Gaular på toppen, meiner Grotle.

– Eg konstaterer dette. Eg tykkjer det er uheldig. Velviljen kystvegen har kan forvitre, fordi andre delar av fylket føler dei skal bli fråtekne tilbod for å finansiere kystvegen, seier Førde-ordføraren.

– Ein annan ting er at fleire av ideane dei har for å finansiere kystvegen ikkje er gode, og heller ikkje gjennomførbare, seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser