Hopp til innhold

Trur E39-avgjerd opnar opp for kystvegen

Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) er overtydd om at regjeringa sitt E39-vedtak no vil føre til ei utløysing også for ei utbygging av kystvegen gjennom Sogn og Fjordane.

Bengt Solheim-Olsen

GODT NØGD: Styreleiar for Kystvegen, Bengt Solheim-Olsen, meiner at regjeringa sitt vedtak vil tvinge fram ei utbygging av kystvegen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ei realisering av ny E39-trasé gjennom indre delar av Nordfjord kan føre til at kystvegen mellom Florø og Måløy rykkjer opp på den regionale prioriteringslista for samferdsleprosjekt.

Sjølv om det uansett vil vere langt fram, så meiner Bengt Solheim-Olsen at valet av indre trasé gjer ei realisering av kystvegen langt meir truleg. Som Flora-ordførar har han også vervet som styreleiar i vegselskapet Kystvegen Ålesund-Bergen.

– Behovet er styrka

– Uansett kva alternativ regjeringa hadde landa på, så ville jo ikkje det endra på behovet for ein heilskapleg kystveg gjennom Sogn og Fjordane. Men når vedtaket no er fatta, så registrerer vi at E39 no skal gå enda lenger inn i landet enn den nokon gong har gjort. Slik sett vil behovet for kystvegen vere styrka, meiner Solheim-Olsen.

Han meiner framleis prinisipelt at E39 burde gått langs kysten også her i Sogn og Fjordane som den gjer langs store deler av resten av Vestlandet.

– Burde gått langs kysten

– Eg meiner at det viser at E39 ikkje går der den burde ha gått her i fylket, nemleg på kysten slik den gjer i resten av landet. Difor er kystvegen eit svært naudsynt supplement til E39 i framtida, meiner Solheim-Olsen.

Han er overtydd om at det no er fylkespolitisk vilje til å prioritere opp kystvegen, no når det har kome ei E39-avgjersle.

Morten Hagen

GODT NØGD II: Morten Hagen.

Foto: Thomas Hagen

Optimisme i Vågsøy

Vågsøy-ordførar Morten Hagen (H) har også trua på at kystvegen no er nærare ein realitet.

– Kystvegen står på eigne bein uansett. men det er klart at med dette trasévalet, så rykkjer kystvegen opp i regional transportplan. Det er kystvegen som er det utløysande samferdsleprosjektert for kystregionen. E39 skapar ikkje næringsutvikling på kysten, meiner Hagen.

Laster Twitter-innhold

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold