NRK Meny
Normal

- Stortinget må bestemme fødetilbod

SV og Senterpartiet krev at dei folkevalde på Stortinget får avgjere korleis fødetilbodet i Norge skal vere.

Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus

TRUGA: Fødetilbodet ved både Lærdal og Nordfjordeid sjukehus er truga. SV krev at dei folkevalde får avgjere korleis fødetilbodet skal vere.

Foto: NRK

Det er i prinsippet helseministeren som avgjer korleis sjukehustilbodet i Norge skal sjå ut, men når helseministeren legg fram nasjonal helseplan til våren vil SV kjempe for at også fødetilbodet er inkludert.

- Vi er uroa over korleis fødetilbodet vil sjå ut dersom det er dei regionale helseføretaka som får bestemme. Skal det gjerast så viktige vedtak, så må det gjerast av eit Storting, seier SV-politikar Hege Lothe i Gloppen.

Skal kjenne tryggleik

SV, som sit i regjering med Ap og Sp, vil at lagnaden til fødetilbodet på sjukehusa skal avgjerast av dei folkevalde. Partiet drøfta temaet under ein helsepolitisk konferanse i Stavanger måndag.

Lothe seier partiet brettar opp ermane og vil kjempe for saka.

- Fødetilbodet handlar om at kvinner over heile landet skal kjenne tryggleik, seier Lothe.

- Ministeren sit som øvste mynde og har lov til å fatte vedtak i desse sakane. Er ikkje det godt nok?

- Vi vil at folk skal ha tillit til Stortinget. At det er stortinget som gjer desse vedtaka.

Utan fødetilbod?

Kjersti Toppe

SP: Kjersti Toppe støttar SV.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Styret i Helse Vest skal onsdag kome med si innstilling til korleis fødetilbodet skal vere. Sjukehusa i Lærdal og i Eid kan stå utan fødetilbod slik det er i dag om styret går frå innstillinga frå administrasjonen.

Senterpartiet sin førstenestleiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe, støttar Lothe og SV.

- Det er naturleg at Stortinget og får det siste ordet i dei planane som kjem inn frå føretaksstyra, seier ho.

- Skal få ta del

Robin Kåss

MINISTERNIVÅ: Robin Kåss seier enkeltsakene skal handsamast på ministernivå.

Foto: NRK

I lova for helseføretaka står det at styra ikkje kan fatte vesentleg endringar i fødetilbodet. Det er det statsråden som skal avgjere.

Statssekretær Robin Kåss i helsedepartementet seier at dei folkevalde skal få ta del i dei store nasjonale reformane som helseministeren legg fram til våren. Han seier likevel at enkeltsakene skal handsamast på ministernivå.

- Sjølve planane vil bli handsama no av statsråden. Så skal heile helsetilbodet i Norge gjennomgåast i Nasjonal helseomsorgsplan, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.