Hopp til innhold

- Ap førte veljarane sine bak lyset

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ap-toppane gjekk til val på at fødetilboda skulle oppretthaldast. No vurderer regjeringa å legge ned over heile landet.

Misnøyen til arbeidarpartipolitikarane er så stor at både veljarane og deira eigne kjenner seg lurde.

Ottar Nygård

SVIKTA: Ottar Nygård kjenner seg svikta av sine tidlegare politikarkollegaer i Arbeidarpartiet.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Fleire lokalpolitikarar melder seg no ut av Arbeidarpartiet.

– Eg trur folk ser på det som eit svik og at ein ikkje kan stole på partiet i det heile i den saka. I denne saka oppfatter eg det som at Arbeiderpartiet er sin største fiende. Dei er i ferd med å øydeleggje seg sjølve innvendig, seier Ottar Nygård i lokallaget i Selje.

Melde seg ut

I Selje var Arbeidarpartiet størst ved førre val. I haust melde samtlege tillitsvalde seg ut av partiet i protest. Leiinga i Helse Vest har føreslått å legge ned føde, ortopedi og enkelte akuttfunksjonar ved Nordfjord og Lærdal sjukehus.

Ingrid Heggø.

GAV LØFTE: Ingrid Heggø lova Sogn og Fjordane at ingen lokalsjukehus skal leggast ned.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Ingrid Heggø var mellom sentrale arbeidarpartikollegaer som gav løfte om at ingen føde- eller akuttilbod skulle leggast ned.

– Eg og Arbeidarpartiet har teke til orde for at vi må få inn ei grunnfinansiering i Sogn og Fjordane. Vi må ha tre akutteam, sjølv om vi har folketal for å ha eitt. Vi må ha tre fødeavdelingar sjølv om vi har folketal for eitt. Basisfinansiering som gjer at vi sluttar å slåss, sa Heggø under NRK Sogn og Fjordane sin paneldebatt før stortingsvalet.

Ho hevda at dåverande helseminister Bjarne Håkon Hansen var på gli med å komme med meir pengar til lokalsjukehusa.

Ville ikkje stemt Ap

Dag Ole Teigen

LOVNAD: Dag Ole Teigen lova at Stord ikkje skulle misse sitt lokalsjukehus.

Foto: FRED JONNYtm

Fleire stader i landet gjekk tillitsvalde ut i valkamp i god tru. Nygård meiner folk ikkje ville stemt på Ap om dei visste kva lokalsjukehuspolitikk partiet ville føre i praksis.

– Definitivt ikkje. Dette får dei smake att. Det er eg overtydd om, seier han.

Men det var ikkje berre i Sogn og Fjordane sjukehus var tema i valkampen. I Hordaland lova Dag Ole Teigen at Stord skulle få behalde sitt lokalsjukehus. Teigen kom på Stortinget for Arbeidarpartiet. Sjukehuset på Stord er under press.

– Skal ikkje legge ned

Dei raudgrøne vann valet og forhandla fram Soria Moria-erklæringa. Under forhandlingane var også nestleiar Helga Pedersen på lovnadssporet.

Helga Pedersen

LOVNAD: Helga Pedersen lova at ingen lokalsjukehus skulle leggast ned.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

- Vi har ingen planer om å legge ned lokalsjukehus, lova ho på Politisk Kvarter. Sidan har det kome strategivedtak og omstruktureringsframlegg som gjer mange utrygge.

Bryt ikkje løfta

I november har dei fire helseregionane meld inn regionale fødselsomsorgsplaner som helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen skal godkjenne.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anne-Grethe Strøm-Erichsen

SKAL GODKJENNE: Helseministeren avgjer framtida til lokalsjukehusa.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I desse står det formuleringa som gjer framtida usikker for fødetilbod i Narvik, Harstad, Lofoten, Brønnøysund, Mosjøen, Namsos, Orkdal, Kristiansund eller Molde, Nordfjordeid, Lærdal og Odda.

Heggø avviser skuldingar om å bryte valløfta ho gav veljarane sine.

- Eg står på partiprogrammet mitt som eg gjekk til val på og som eg og snakka om i heile valkampen. Eg meiner det ikkje er godt nok det som er lagt fram frå Helse Vest no, seier ho.

- Tok du munnen for full?

- Men du må vel innrømme at ut frå det du sa i valkampen, så har ikkje folk her i fylket vore budde på at Regjeringa skulle akseptere at Helse Vest har køyrt så knallharde prosessar som dei har gjort mot lokalsjukehusa det siste året.

– Det eg sa i valkampen står eg for framleis, det jobbar eg for framleis. Eg har ikkje tenkt å snu i sjukehussaka i det heile.

Arbeidarpartiet har jo helseministeren og dei kan bestemme det?

– Men helseministeren kan ikkje gå inn før Helse Vest har behandla det.

Gjekk du for langt? Tok du munnen for full?

- Nei, det meiner eg at eg ikkje gjorde. Eg står for det eg sa. Eg står for det som står i partiprogrammet vårt og eg har jobba for å få på plass ei øyremerking til sjukehusa. Det er ein jobb eg ikkje er i mål med, men eg har ikkje tenkt å gje meg på det.

– Eit kompetansespørsmål

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen seier at forslaga om nedleggingar av fødeavdelingar dreier seg om å sikre eit godt fagleg tilbod til alle fødande.

– Vi har ikkje høve til å ha spesialistar og gynekologar på alle sjukehus. Det er ikkje først og fremst eit økonomisk spørsmål. Det er eit kompetansespørsmål, det er rett og slett ikkje nok folk.

No må helseministeren ta stilling til om dei oppdaterte fødetilboda i distrikta er gode nok.

– Det er difor eg er nøydd til å gå gjennom dette når eg får planane på mitt bord. Det som også står i Soria Moria 2 er at lokalsjukehus skal bli oppretthaldne sjølv om ikkje dei har føde- og akutt-tilbod, seier Strøm-Erichsen til NRK.