Sjukehuskampen i Sogn og Fjordane

Kampen for dei to lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane er steil og utfordrande. No ventar alle i spenning på kva Helse Vest vil vedta på sitt styremøte 1.desember.

Våren 2009

Volda sjukehus

SAMARBEID: Styret i Helse Vest skal 1.desember kome med si vurdering av korleis helsetilbodet i Sogn og Fjordane skal vere. Då kan det bli samarbeid med Volda

Foto: Helse Sunnmøre

I Sogn og Fjordane varslar Helse Førde at dei vil gjennomføre ein strategiprosess for å kartleggje korleis det framtidige sjukehustilbodet i fylket skal vere.

Hausten 2009

Arbeidet med strategiprosessen i Helse Førde tek til. Det vert nedsett arbeidsgrupper som skal kome med sine forslag.

Januar2010

Nordfjord Sjukehus

MISTER TILBOD: Nordfjord sjukehus kan miste fødetilbodet sitt.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Styret i Helse Førde ber administrasjonen i Helse Førde kome med ei utgreiing om det somatiske helsetilbodet i Sogn og Fjordane.

Styret i Helse Førde vedtek strategiprosessen på styremøte. Målet er at arbeidet skal munne ut i eit vedtak som skal sikre trygg økonomi og eit godt helsetilbod til innbyggjarane i Sogn og Fjordane.

Helse Førde får signal om at den forsterka fødestover skal avviklast. Administrasjonen ønskjer å leggje ned tilbodet i Lærdal. Førdetilbodet i Eid vert førebels ikkje råka, men det er klare føringar på at det skal leggjast ned innan 2020.

Mars 2010

Anne-Grete Strøm-Erichsen

SKAL BESTEMME: Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen var på vitjing til Førde i mars.

Foto: NRK

Helseminister Anne Grethe Strøm Erichsen er på vitjing i Førde. Same dag legg Helse Førde fram tre ulike forslag til ein framtidig sjukehusstruktur i Sogn og Fjordane. Styret i helseføretaket vel modell ein. Det inneber eit forsterka sentralsjukehus i Førde samt ei nedbygging av lokalsjukehusa i Eid og i Lærdal.
Helseministeren seier i etterkant av framlegginga at

Senterpartiet i Sogn og Fjordane har møte på Skei. Der uttalar partileiar Liv Signe Navarsete at ingen lokalsjukehus skal leggast ned, og at Soria Moria-erklæringa skal følgjast. Ho vedgår at ho har vore i samtale med helseministeren same dag om saka.

Det er sterke reaksjonar på forslaget til Helse Førde om å legge ned. Det kjem spesielt reaksjonar frå Sogn og Nordfjord.

April 2010

Helse Førde har styremøte der dei vedtek ein sjukehusmodell som inneber nedbygging av sjukehusa i Eid og i Lærdal.

Juni 2010

Styret i Helse Førde ber om administrasjonen kome med ei klårare oppgåvefordeling mellom sjukehusa i fylket. Mellom anna vil dei ha svar på om det er naudsynt å ha ortopeditenester ved alle sjukehusa.

November 2010

Lærdal sjukehus

MISTER TILBOD: Lærdal sjukehus kan miste fødetilbodet sitt.

Foto: NRK

Administrasjonen i Helse Vest kjem med si tilråding til sjukehustilbodet på Vestlandet skal vere.

Dei foreslår å leggje ned den forsterka fødestova i Lærdal, legge ned fødeavdelinga i Eid, gjere den forsterka fødestova i Odda om til ei ordinær fødestove styrt av jordmor.

Heile dette fødetilbodet kan bli lagt ned i løpet av eitt til to år når Helse Fonna skal ha ei varsla gjennomgang av strukturen i helseføretaket.

1.desember 2010

Helse Vest har styremøte der administrasjonen sitt forslag skal handsamast.

Vinter 2010/2011

Strategiplanen, Helse Førde 2020, kan fyrst setjast i gang når Helse Vest har revidert sin eigen strategiplan, truleg i juni 2011.