- Bieber åt treretter og hamburger

Elleville Justin Bieber-fans har i dag sett Oslo på hovudet. Men det var ein som knapt nok visste kven han var som fekk servere superstjerna lunsj. Kjendiskokk Ole Jonny Eikefjord diska opp med både treretters og hamburger.

Justien Bieber og Ole Jonny Eikefjord

FINT BESØK: Ole Jonny Eikefjord serverte sjølv superstjerna Justin Bieber då han åt lunsj på restauranten hans Eik Annen Etage i Oslo onsdag.

Foto: Montasje: Ap/Werner Anderson

– Eg hadde blitt tipsa om at han var så glad i hamburgarar, så då hadde eg det på lur, fortel Eikefjord.

TV-kokken frå Førde visste ikkje kven den kanadiske popartisten var før han vart spurt om å servere han under Oslo-besøket. Men at det var veldig kjekt med storfint besøk i restauranten Eik Annen Etage, legg han ikkje skjul på. Det var VG som først fortalte om korleis Bieber vart varta opp av Eikefjord.

– Det var veldig hyggjeleg. Han er jo faktisk ein ganske jordnær og virka som ein skikkeleg gut på 18 år, seier Eikefjord.

«Listen to the police»

Så mange som 15 000 fans skal onsdag ettermiddag vere samla i sentrum av Oslo. I heile dag har fansen sett hovudstaden på hovudet og det har vore kaotiske tilstandar fleire stader.

Pressekonferansen vart avlyst fordi det var for mange fans i sentrum og rundt hotellet, og i kveld herskar det til dels kaos ved Operaen der Justin Bieber (18) skal halde konsert.

Etter at han sjølv måtte evakuere frå hotellet ber Bieber fansen om å ta det med ro og høyre på politiet.

«NORWAY – please listen to the police. I dont want anyone getting hurt. I want everything to go to plan but your safety must come first...», skriv han på Twitter.

(Artikkelen held fram under biletet)

Justin Bieber fans

FULLT: Det er kaotiske tilstandar i Oslo og på Operataket er det no heilt fullt med unge tenåringsjenter.

Foto: Vegard Grøtt / NTB Scanpix

– Treretter pluss hamburger

Dei mange tenåringsjentene er nok ganske så misunnelege på Ole Jonny Eikefjord. Han fekk æra av å fore opp tenåringsidolet midt på dag.

– Eg hadde lage ein treretters meny med ishavsrøye og vårkylling og litt norske jordbær med tjukkmelkspudding. Men eg hadde også lage eit par hamburgarar, fortel Eikefjord.

Og tipset om at Bieber er svært så glad i nettopp hamburgarar fall i god jord hos superstjerna.

– Han åt treretter pluss hamburger, flirer Eikefjord.

Vinka til fansen

Undervegs i måltidet skal den unge stjerna fleire gonger gått frå bordet for å helse på fansen som var på utsida.

– Dei som er her er jenter mellom 12 og 16 år, dei er blodfans. Han tek godt vare på fansen sin, han var fleire gonger oppe i vindauget og vinka og skreik, fortel Eikefjord.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fans Justin Bieber
Foto: Elise Hellem Ratvik / NRK

Tvang med seg kjærasten

Ei av dei som har gjer alt ho kan for å få med seg konserten er Madelen Mindresunde frå Sandane. Like før klokka 15.30 i ettermiddag var ho utanfor konsertområdet ved Operaen og kunne fortelje om kaotiske tilstandar.

– Det er umogleg å kome seg inn med det første, Vi står utanfor akkurat no og prøver å kome oss inn, men det er vanskeleg, seier Mindresunde (16) til NRK.no.

Ho hadde eigentleg ikkje tenkt å reise på konserten, men då ho fekk vite at Justin Bieber skulle til Oslo utsette ho heimreisa frå hovudstaden med nokre dagar.

– Eg fekk med meg kjærasten min, eller eg tvang han med, ler ho på telefon frå kaoset.

Konserten kan bli avlyst

16-åringen har vore fans sidan ho først høyrde om Justin Bieber i 2007 og kallar seg ein vassekte ”belieber”.

– Han er inspirerande og godt likt, skryt ho.

Etter planen skal Justin Bieber spele ein liten konsert på Operataket klokka 21.30 i kveld. Den vil vare i vel ein halvtime og Bieber skal framføre seks låtar.

Slik situasjonen i Oslo har utvikla seg utover dagen har det no blitt så gale at plateselskapet åtvarar publikum om å reise til konserten. Politiet kalla inn til ein pressekonferanse klokka 18.15.