Hopp til innhold

- 100 prosent sikkert at Even blir

Trond Fylling garanterer at Even Hovland framleis er Sogndal-spelar når overgangsvindauget stenger ved midnatt. Jim Solbakken meiner han bør ha dårleg samvit for det.

Even Hovland
Foto: Steinar Lote / NRK

- Han reiser garantert ingen plass, er sportsleg leiar i Songdal, Trond Fylling sin knappe kommentar før han sette seg i bilden til Oslo for å levere Teijo Teniste sine overgangspapir til fotballforbundet.

Dersom det stemmer betyr det at den allereie lange overgangssagaen rundt Hovland, Sogndal og Molde blir endå lenger. Etter midnatt opnar ikkje fotballen sitt regelverk for nye overgangar før 1. januar.

- Ut i den store verda

Hovland sin agent, Jim Solbakken, høyrest ut til å ha gitt opp å få i stand ein overgang til Molde i denne omgang. Både han og Oddvin Hovland, far til Even, har den siste veka skulda Sogndal for å ha brote ein munnleg avtale som vart inngått då Hovland skreiv under den noverande kontrakten sin i 2009.

- Vi var samde om korleis Even skulle kome seg vidare ut i den store verda, seier Solbakken - og siktar altså til Molde.

- Dårleg samvit

- Alle i Sogndal sitt styre og sportslege utval veit kva vi diskuterte då Even signerte ei ny, lang kontrakt med klubben. Det er vel også grunnen til at det er frykteleg mange i Sogndal som har dårleg samvit om dagen, seier agenten. Han legg likevel til at han forstår kvifor Sogndal handlar som dei gjer.

(Artikkelen held fram under biletet)

Even Hovland skriv under ny kontrakt med Sogndal.

SKREIV UNDER: Bildet viser Even Hovland i ferd med å skrive under den mykje omtalte kontrakten i 2009. I bakgrunnen sit noverande fotballpresident Yngve Hallén som då var dagleg leiar i Sogndal.

Foto: MMS- Arve Uglum / NRK

- Dette er ei interessekonflikt mellom Sogndal sine sportslege ambisjonar og Even Hovland sine moglegheiter til å kome seg ut til ein større liga, eller ein større klubb i Norge, seier Solbakken.

Går til vinteren

Fylling seier Hovland definitivt er til sals når overgansvindauget opnar att til vinteren, men vil ikkje kommentere Solbakken og Hovland senior sine påstandar om ein munnleg avtale om at han skulle få gå tidlegare.

- At Jim seier dei tinga der får stå for hans rekning. Han har ein jobb å gjere som agent og det får vi respektere han for. Så får han respektere måten vi driv klubbenpå, seier Fylling.