Hopp til innhold

Gjer nytt forsøk på å hente Hovland

Trond Fylling sat natt til tysdag i forhandlingar med Molde på Aker stadion. Romsdalingane skal ha lagt seks millionar kroner på bordet for Even Hovland.

Even Hovland

NÆRMAR SEG MOLDE: Even Hovland kan vere på veg til Molde, etter at romsdalingane har auka bodet på midtstopparen frå Vadheim i Sogn.

Foto: Rune Fossum/NRK

Molde skal vere villige til å bla opp seks millionar kroner for midtstopparen til Sogndal, skriv VG tysdag.

Forhandla om overgang utover natta

Even Hovland har vore blant Sogndals klart beste spelarar denne sesongen. Han har gjennom fleire år etablert seg som dirigenten i forsvaret.

Måndag var Sogndals Trond Fylling og Hovland-agenten Jim Solbakken på Aker stadion då Molde møtte Lillestrøm. Partane gjekk i forhandlingar på kvelden. Dei skal ha diskutert ein overgang utover natta.

Overgang aktualisert med Solskjær

Hovland har i lengre tid vore ønskt av Molde, og ein overgang har blitt endå meir aktuelt etter at Ole Gunnar Solskjær kom til klubben. Hovland har tidlegare vore på prøvespel i Molde-manageren sin gamleklubb Manchester United.

NRK har utan hell prøvd å komme i kontakt med leiinga i Sogndal og Even Hovland sjølv.