Hopp til innhold

Hovland har avtale om å få gå

Allereie i 2009 hadde Even Hovland avtale om å få gå til ein større klubb om det rette tilbodet kom.

Even Hovland

TVIHELD PÅ HOVLAND: - Even vil vekk frå Sogndal, men får ikkje lov av klubben, hevdar faren, Oddvin Hovland.

Foto: Sander Heggheim / NRK

- Vi er blitt fortalt at ein munnleg avtale gjeld like mykje som ein skriftleg avtale i slike tilfelle, seier ein skuffa Oddvin Hovland, far til fotballtalentet Even Hovland.

Munnleg avtale

Even Hovland

TALENT: Det skal ha kome fleire bod på stopptalentet. Men Hovland er framleis i Sogndal.

Foto: Sander Heggheim

Hovland skal i 2009 ha inngått ein munnleg avtale om at han kan forlate Sogndal dersom ein større klubb kjem på bana.

Oddvin Hovland seier avtalen om dette vart inngått med Yngve Hallèn, som i dag er president i Norges Fotballforbund.

Sa nei til seks millionar

Jim Solbakken

STADFESTAR AVTALEN: Agent Jim Solbakken stadfestar at Hovland har ein munnleg avtale med Sogndal fotball.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Nyleg skal Sogndal ha takka nei då serieleiar Molde kom med eit nytt bod på stoppartalentet. Ifølgje agent Solbakken skal bodet ha vore på seks millionar kroner.

Faren er skuffa over at klubben tviheld på sonen.

- Leiinga i Sogndal er skifta ut sidan sist, men ifølgje agent Jim Solbakkenså er det vanleg at ein munnleg avtale gjeld like mykje som ein skritleg. Det er litt trasig for han Even sin del, seier faren.

Agenten stadfestar avtalen

Yngve Hallen ny fotballpresident

GAV KLARSIGNAL: Ifølgje Oddvin Hovland skal Ynge Hallèn ha laga avtalen med Hovland.

Foto: Morten Holm / Scanpix

Serieleiar Molde og utanlandske klubbar har i lengre tid vore interesserte i norges kanskje største stoppartalent, men Sogndal har kvar gong sagt nei.

Solbakken, som er Hovland sin agent, stadfestar den same historia som faren.

- Betyr det at Even har lyst vekk frå Sogndal, men at Sogndal seier nei?

- Ja, Sogndal seier nei, seier Oddvin Hovland.

Leiinga vil ikkje kommentere

Even Hovland skriv under ny kontrakt med Sogndal.

SIGNERTE: Her signerer Hovland nok ein avtale med Sogndal fotball. Men det skal eksistere ein munnleg avtale om at fotballspelaren skal kunne gå til andre klubbar om boda kjem.

Foto: MMS- Arve Uglum / NRK

Verken Yngve Hallèn eller Tor Arne Ness, styreleiar i Sogndal Fotball, ønskjer å kommentere saka. Oddvin Hovland håper Sogndal gjev slepp på sonen så snart som råd.

- Eg håpar han Even får lov å oppleve draumen sin om å komme seg på eit høgare nivå.