Hopp til innhold

Slåttemusikken på fele og hardingfele

Det er stor uttrykksvariasjon i den musikken som vert spelt, både på dei eldre – og yngre folkemusikkinstrumenta våre. Men etter at felene vart vanlege, har det meste av slåttemusikken vore knytt til desse instrumenta.

Otto Furholt

Otto Furholt

Foto: -ukjent fotograf- / NRK

Ser ein landet under eitt, er det etter måten stor skilnad på slåttane for hardingfele og vanleg fele. Vidare er det og markert skilnad på «speldialekten» innan dei enkelte distrikt.

Dette heng ikkje minst saman med at dansen er svært forskjellig frå distrikt til distrikt. Som tidlegare nemnt er det meste av slåttemusikken rein dansemusikk. Dansen har alltid vore ein viktig del av folkekulturen, og fela var lenge einerådande som dansemusikkinstrument.

Slåttane deler seg i to hovudtypar, dei med tredelt og dei med todelt rytme. Begge typane har forskjellig namn i dei enkelte delane av landet. Den tredelte dansen vert kalla springar i heile hardingfeleområdet. I Gudbrandsdalen kallar dei han springleik medan han vert kalla pols i Østerdalen, Trøndelag, Møre- og Romsdal og Nord-Noreg.

Trass i at utgangspunktet er den tredelte grunnrytmen, er det til dels store rytmiske skilnader å finne innan denne ramma. (Sjå eige punkt om dette under Kva er folkemusikk? )

Dette kallar ein asymmetrisk taktoppbygging og er typisk for folkemusikken. Dette heng sjølvsagt nøye saman med skilnader i danserørslene. I kunstmusikken snakkar vi om symmetrisk takt dvs. at alle taktslag er like lange.

Slåttane med todelt rytme heiter gangar i Telemark og Numedal, og halling andre stader. I Hardanger kallar dei han rull. I Hallingdal kallast han lauslått. Laus; truleg etter dansen, å danse laus (åleine, utan partnar).

Som ein regel kan ein seia at hallingen ser ut til å ha eit gjennomgåande høgare tempo enn gangaren.

I tillegg til desse dansetypane er det også andre namn og omgrep ein møter i folkemusikken. Bruremarsjar finst det mange av.

Lydar-slåttar er eit namn som skriv seg frå nyare tid, etter at særleg hardingfela vart eit konsertinstrument.