Hopp til innhold

Kva er folkemusikk?

Omgrepet folkemusikk oppstod eigentleg ute i Europa på 1700-talet som kjenneteikn på musikk for og av folket, til forskjell frå den notebaserte, komponerte kunstmusikken.

Olav Moe speler hardingfele

Olav Moe speler hardingfele

Foto: Scanpix / NTB scanpix

folkemusikkomgrepet vart teke i bruk i Norge mot slutten av 1800-talet, var dette resultatet av nasjonalromantikkens behov for å gi auka status til folkets eigen kultur. Med folkets kultur i Norge meinte ein bondekulturen.

Når vi i dag snakkar om folkemusikk meiner vi mange forskjellige typar av song og instrumentalmusikk med høgst forskjellig alder og opphav. Kvar einaste melodi i folkemusikken har eingong hatt sin opphavsmann. Det kan vera ei mor som har laga ein song til barnet sitt, eller det kan vera ein spelemann som har komponert ein slått som dansarar eller tilhøyrarar har likt godt. Men medan komponisten er gløymt, har melodien levd vidare. Den har gått i arv, frå mor til barnet i vogga, frå far til son, frå den gamle spelemannen til den unge eleven ved hjelp av minnet, såkalla tradering. Med tida har melodien endra seg, etter den musikalske og tekniske evna hjå dei som har nytta han. Ein kan seia at folket har vore med på å gi melodien form.

Alderen på folkemusikken vår er svært vanskeleg å fastslå. Men det som kan seiast nokolunde sikkert, er at dei eldste delane har røter heilt attende til det vi kallar høgmiddelalderen, den norrøne kulturblomstringa på 1200–1300 talet. Kanskje kan enkelte trekk vera endå eldre. Om nokon av slåttane eller songane slik vi høyrer dei i dag er så gamle, er nesten umogleg å seia sikkert.

Innsamling og nedteikning av norsk folkemusikk tok ikkje til før i midten av 1800-talet, ca. 1840. Ut frå dette materialet og det som er samla seinare, er det vanskeleg å seia korleis melodiane vart sunge for 600 -700 år sidan.

Som ein regel kan vi dele folkemusikken inn i to hovudgrupper, den vokale og den instrumentale musikken. Noko klart skilje skal vi vera varsame med å trekkje. Ikkje sjeldan kan vi finne att instrumentale slåttetema sunge i eit «slåttestev». Dette viser at slåttemusikken også var ein del av det vokale repertoaret.

Folkemusikken vår har sine røter i det gamle bondesamfunnet. Naturleg nok er han knytt til dei ulike sidene av dagleglivet. Med rette kan ein seia at folkemusikken var bruksmusikk. Ein del er knytt til seterlivet, med kulokk, laling og huging, og med lur, bukkehorn og fløyte som instrument. Frå dagleglivet i heimen har vi bånsullane, medan stev, religiøse folketonar og folkeviser har hatt sin naturlege plass både til kvardag og fest. Det same kan seiast om munnharpa og langeleiken. Langeleik var brukt mykje til dans. Men som danseinstrument vart den fortrengt av felene då dei kom. Av hardingfela i ein del av landet, og av den vanlege fela andre stader.

Brita Bratland syng Her er eg fødde:

Folkesongaren Brita Bratland (1910-1975) frå Vinje.
Vart ”folkemusikkjendis” på grunn av den rike gamle songskatten ho sat inne med, og som ho òg let andre få del i.

Det gamle bondesamfunnet og dermed heile samfunnsstrukturen endra seg sterkt på slutten av 1800-talet og vidare inn i 1900-talet. For folkemusikken fekk dette store konsekvensar. Endra arbeidsmønster og levemåte gjorde at mykje av grunnlaget for den gamle bruksmusikken vart borte. Til dømes er det no nesten heilt slutt på seterlivet. Kulokk, laling og huging fekk ingen naturleg funksjon lenger, og mesteparten av denne musikken vart gløymd og er borte.

Ser vi på den vokale folkemusikken i dag, er det dei religiøse folketonane, folkevisene og stev som står sterkast. Grunnen er enkel. Desse typane kunne lettare tilpasse seg endringane i samfunnet, fordi dei ikkje var så nøye knytt til arbeid og oppgåver i dagleglivet.

Det same kan seiast om instrumentalmusikken. Det meste av musikken for hardingfele, vanleg fele og trekkspel er dansemusikk, eller musikk til å lyde på. Denne musikken har vist seg å ha ei sterk evne til å halde seg i levande bruk. Faktisk er det slik at folkemusikkmiljøet dei siste 40 åra har hatt ei blomstring utan sidestykke. Ungdom står i kø for å lære å spela. Ikkje minst takka vera Norges musikkhøgskole og andre høgskuletilbod, kommunale musikkskular og opplæringstilbod gjennom spelemannslag og andre organiserte aktivitetar.

Odd Bakkerud frå Nes i Hallingdal spelar den kjende slåtten Fanitullen:

Odd Bakkerud (1931-1989) frå Hallingdal spelar hardingfele. 
Spelemann som meir enn nokon annan ga folkemusikken frå Hallingdal større status. Hans framføring av Fanitullen vart grunnlaget for innspelinga Christiania Fusel og Blaagress gjorde under leiing av Øystein Sunde og som i mange år var kjenningsmelodi for Norsktoppen i NRK radio.

I våre dagar blir kulturen spreidd på ein langt meir effektiv måte enn tidlegare. Dette gjeld også folkedikting og folkemusikk. På få dagar kan ei vise verta allemannseige. For 40 år sidan vart ein arrangert versjon av hallingen ”Fanitullen” ei rein landeplage med gruppa Christiania Fusel & Blågræs. I dag presenterer grupper som Gåte og Valkyrien Allstars folkemusikk i rein rockeband-innpakning.

Kor vidt slike populariserte versjonar av eldre tradisjonsstoff bør kallast folkedikting og folkemusikk, kan diskuterast. Somme meiner at må halde på dei reine, tradisjonelle formene: Eit stev bør ikkje framførast til rytmeakkompagnement. Andre hevdar at form og innhald må ta farge av tida.

Anten ein legg det eine eller det andre synet til grunn, må vi kunna seia at vi har ei levande folkedikting og ein levande folkemusikk. Og interessa på desse felta har auka. Dess meir vi set oss inn i stoffet omkring folkedikting og folkemusikk, dess meir ser vi at slektene før oss har funne kunstnarlege uttrykk for tankar og kjensler vi er opptekne av i vår tid også.

Musikalske dialektar

Fram til midten av 1900-talet var det tungvint å vera på reisefot i Norge. Dalar, fjordar, fjell og vidde og lange avstandar skapte avstengde bygdesamfunn svært mange stader. Kommunikasjonen og kontakten mellom ulike regionar og landsdelar vart naturleg nok liten. Som dei fleste veit er dette ei av dei viktigaste årsakene til språkutviklinga med mange til dels ulike dialektar rundt om i landet. Slik er det også med folkemusikken. På same måten som i språket snakkar vi om ulike dialektar i musikken. Dei lokale musikktradisjonane har utvikla ei eiga klang- og tonekjensle, som igjen har sett preget sitt på musikken som er spelt i bygda eller regionen. Mange slåttar og folketonar har vandra over til dels store område, og er blitt forma av den personlege smaken og dei lokale normene som har vore gjeldande på staden. Det er dette som ar skapt alle variantane av folketonar og slåttar som vi kan finne innan nesten alle folkemusikksjangrane.

Tonalitet

Tonaliteten i eldre norsk folkemusikk har vore diskutert blant musikkforskarar og musikarar i snart to hundre år. Fleire av innsamlarane som reiste rundt i landet på 1800-talet og skreiv ned folkemusikken, la merke til skalatrinn og intervall som skilde seg heilt frå deira eigen skolerte oppfatning av korleis det skulle vera.

Nokre av innsamlarane konkluderte med at utøvarane song eller spelte falsk, og korrigerte notebiletet slik at det passa med det tempererte tonale systemet. Andre innsamlarar som hadde lært direkte frå tradisjonsutøvarar, skjønte at dei ”skeive” tonane skulle vera slik og at dei er eit viktig tradisjonstrekk ved norsk folkemusikk.

Det tempererte systemet der alle halvtonane i skalaen er like store, er eit resultat av kunstmusikken mot slutten av 1700-talet.

Her i Norge var likevel den gamle stemmemåten i bruk mange stader langt inn på 1800-talet. Forskarane meiner at det rimeleg å tru at dette er hovudårsaka til at den skeive, svevande tonaliteten med enkelte halvhøge intervall, populært kalla kvarttonar eller blåtonar, har halde seg så lenge i mange bygder her i landet.

Eit særtrekk ved norsk folkemusikk er at mykje av slåttemusikken for hardingfele og fele går i durtonalitet. Forskarar har peika på at mykje av musikken til Haydn og Mozart også går i dur, og at dette kanskje kan ha påverka felemusikken etter kvart som kunstmusikken frå 1700-talet vart kjent også i Norge. I ein del av flatfeleområdet er det annleis. Ikkje minst i Østerdalen er innslaget av mollprega slåttar dominerande. Dette kan koma av påverknad frå svensk folkemusikk, som er atskilleg meir mollstemt enn den norske.

Den eldste folkemusikken, dvs balladane, religiøse folketonar, bånsullar og dei eldste feleslåttane (springar, gangar og rull) har si rot i den eldste tonaliteten, medan yngre folkemusikk har ein meir kunstmusikalsk tonalitet.

Metriske spesialitetar

I folkemusikken brukar ein gjerne omgrepet metrikk om korleis ei takt er inndelt i taktslag.

I den norske folkemusikken treng ikkje taktslaga innan kvar enkelt takt å vera like lange. Dette er særleg tydeleg i dei eldste slåttetypene. Årsaka finn ein i musikk- og dansedialektane innan kvart distrikt og mellom distrikta.

Både musikken og framføringssituasjonen, og ikkje minst spelemennene og kvedarane sjølve, bidreg til dette.

Dersom eitt taktslag blir forlenga, må nødvendigvis eit anna bli kortare. Dette blir kalla metrisk asymmetri, og gjer seg sterkast gjeldande i slåttar med tredelt takt, springar og pols. Sidan slåttemusikken stort sett er dansemusikk, heng metrikken i musikken og dansen nøye saman.

Ornamentikk

Mykje av slåttemusikken, særleg den eldre, er bygt på korte totaktsmotiv som blir tekne opp att og variert både rytmisk og melodisk. Eit særtrekk ved utforminga av slåttane er at desse variasjonane ikkje alltid blir utført likt frå gong til gong. Ein kreativ og god spelemann har ”spelerom” for å kunne improvisere og variere litt etter humør og dagsform.

Ornamentikken er også ein del av dette, både innan spel- og vokalmusikk. Ornamentikk kan vera forslag, triller og sløyfer som skal krydre slåtten eller krulle vokalprestasjonen.

Kontrollspørsmål.

  • Kva er muntleg tradering?
  • Kva meinar vi med omgrepet bruksmusikk?
  • Kva meiner vi med omgrepet musikalsk dialekt?
  • Kva går temperert stemming ut på?
  • Forklar kva kvarttonar eller blåtonar er for noko.
  • Kva meiner vi med omgrepet metrisk asymmetri?
  • Kva er eit slåttestev?