Hopp til innhold

Undervisnings­spørsmål – Trollstemt

Kva er eigentleg folkemusikk? Og kvifor er denne musikktradisjonen så viktig for nokon? Ta eit djupdykk i folkemusikken med serien Trollstemt.

trollstemt 00 kurator
Foto: NRK

Trollstemt er ein serie om historia og utviklinga til folkemusikken i Noreg. Under finn du ei kort oppsummering av kvar episode, med nokre refleksjonsspørsmål til. Nedst i artikkelen finn du forslag til praktiske oppgåver knytt til folkemusikk.

Episode 1

Trollstemt S01E01

Munnharpespelar Kenneth Lien jaktar på det mystiske i folkemusikken, men finst det framleis mystikk i 2023?

Foto: NRK

Vi møter munnharpespelar Kenneth Lien som jaktar på det mystiske i folkemusikken. Han reiser til folkemusikar Hallvard T. Bjørgum for å lære meir om rammeslåtten – musikkforma som visstnok kan spele både spelemann og lyttar inn i transe. Bjørgum meiner nokre typar slåttar bør merkast med raud trekant for å unngå nettopp dette. Vi får også vite meir om kvifor folkemusikken vart sett på som demonisk. Har denne rusliknande musikken som kallar på transe nokon plass i samfunnet i dag?

Undervisningsspørsmål til episode 1

  • Er det viktig å ta vare på den munnlege overleveringstradisjonen? Kvifor?
  • Kan du forstå at styresmaktene oppfatta den norske folkemusikken som farleg?
  • Kan musikk fungere som medisin eller vere helsefarleg? Korleis?

Episode 2

Trollstemt S01E02

Faren var den store spelemannen i slekta, men døydde brått i ung alder. Klarer tvillingane Hanne og Synne Kjøk å halde familietradisjonane i hevd?

Foto: NRK

Tvillingane Hanne og Synne Kjøk vil halde familietradisjonane i hevd. Vi får sjå korleis lokal identitet er ein viktig del av folkemusikken, og korleis tevlingar og spelemenn er med på å vidarebringe tradisjonen. Samtidig er ikkje denne tradisjonen lik i heile landet. Den nordnorske folkemusikaren Susanne Lundeng som meiner samhaldstradisjonen ho er van med, er meir inkluderande enn kappleikane. Er det berekraftig med ein dynasti-tankegang i folkemusikken?

Undervisningsspørsmål til episode 2

  • På kva måte kan musikk og musikktradisjon seie noko om identiteten til nokon?
  • Er konkurransefokuset i folkemusikken positiv for utviklinga av han, eller ville det vore betre med ein samhaldstradisjon slik den Susanne Lundberg pratar om?
  • Kvifor trur du norsk folkemusikk og -kultur er meir utbreidd i distrikta enn i byane?

Episode 3

Trollstemt - ep3 - NRK TV

Felespelaren Mattias Thedens vil vinne både Landskappleiken og dei største scenene i Europa. Kan han nå ut til massane med norsk folkemusikk?

Foto: NRK

Felespelaren Mattias Thedens er ein tysk-amerikansk oslogut, som ønsker å vinne både Landskappleiken og Europas største scener. Mattias har altså ikkje lange stads- eller familietradisjonar i ryggen, men han har engasjementet. I bandet sitt kombinerer Mattias folkemusikken med rocken. Dette er noko som har møtt motstand gjennom historia. Er dette framtida for folkemusikken, eller kan det føre til at han blir utvatna og mister sin særeigenheit?

Undervisningsspørsmål episode 3

  • Kvifor trur du folk reagerte så sterkt på at moderne musikk blei blanda med folkemusikken på 70-talet?
  • På landskappleiken kan ein oppleve folkemusikk, folkedans og folkedrakter. Kvifor blandar dei ikkje inn meir moderne musikk, dans og klede på tevlingane?
  • Trur du sjangerblanding, slik Mattias Thedens driv med i Gangar, svekker eller styrker folkemusikken?

Episode 4

Trollstemt S01E04

Olav Mjelva jaktar på den amerikanske draumen med fela si. Eit møte i Hollywood endrar alt.

Foto: NRK

Olav Mjelva har spelt fele i fleire store amerikanske produksjonar. No forsøker han seg på ein Amerika-turné! Vi møter også andre artistar som har hatt suksess med folkemusikkinspirerte element. Kva er eigentleg oppskrifta bak Fairytale-suksessen? Og korleis ser framtida til folkemusikken ut? Er det dumt at han blir sentralisert på scenar som Riksscenen i Oslo, eller kan det vere med på å gjere han tilgjengeleg? Sjølv ekspertane slit med å definere den norske folkemusikken, men nokre ting kan dei slå fast.

Undervisningsspørsmål episode 4

  • Kva er det med folkemusikk som gjer at det passar godt inn i fantasysjangeren?
  • Kva slags element i låten Fairytale trur du gjorde at den slo an såpass godt i så mange land?
  • Korleis vil du definere folkemusikk?
  • Korleis trur du framtida til folkemusikken ser ut?